Å fange det flyktige
– Man må skjønne når øyeblikket kommer, sier Rune Eraker.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Den 18. juni 2003 lanserte Noreg 2005 seg sjølv som selskap og planane sine for feiringa av hundreårsjubileet for sjølvstendet frå Sverige. No nærmar jubileet seg, då kan det vera fint å sjå nærare på visjonane for feiringa. Desse sitata frå Jan Erik Raanes, direktør for selskapet Norge 2005, seier noko om kva me kan venta oss:«Vi i Norge 2005 ønsker at markeringen skal være utadvendt og inkluderende, ikke nasjonalistisk og selvgratulerende.» «Det handler om å vise at Norge på ingen måte har stått alene, men har fått impulser fra omverdenen. Dette er ikke tenkt å bli et nasjonalt jubileum.»Mottoet for heile 2005 er «En egen stemme». Dette vert grunngjeve slik av statsministeren i pressemeldinga frå lanseringa: «Fra 1905 anerkjente omverdenen at Norge kunne tale på egne vegne og at Norge kunne ta del i internasjonalt arbeid [?] Det selvstendige Norge ga ikke grunnlag for 'å være seg selv nok'. 1905 la tvert imot grunnen for utformingen av vår egen plass på den internasjonale arenaen. Vi kunne delta og vi kunne ta ansvar.»Statsministeren fortel altso at hovudsaka i 1905 var at Noreg kunne tala på eigne vegner og ta del i internasjonalt arbeid, og at hovudsaka med det var «å delta og ta ansvar». Raanes seier om lag det same i talen sin:«[?] vi kan ikke la hovedtemaet for markeringen være 'da ble vi kvitt svenskene'. Det ville rett og slett ikke være passende. [?] Målet med å bryte ut av unionen med Sverige var å sikre nasjonens fulle selvbestemmelse i egne saker. [?] Men begivenhetene i 1905 hadde i første rekke en internasjonal karakter. Dette ønsker vi å vektlegge: da fikk faktisk Norge en egen stemme i det internasjonale samfunn. Og det første norske myndigheter brukte selvstendigheten til, var å knytte nye bånd til andre land. Ved å utpeke danske prins Carl til kongsemne ble det etablert en slektskapsforbindelse til det danske kongehuset, og, ikke minst, gjennom hans kone Maud også til det engelske kongehuset.»I Norsk Historie 1870-1905 av Jostein Nerbøvik finn eg eit bilete av ei ekstrautgåve av Dagbladet 7. juni 1905. På framsida står det: «Stortinget idag. Regjeringen overtar styret. Unionen erklæret oppløst.» Det gjev eit anna bilete enn Bondevik og Raanes av kva som stod på spel – Dagblad-oppslaget talar ikkje om «en egen stemme i det internasjonale samfunn», det talar om å styra sjølv: den norske regjeringa tek over styringa etter den svenske kongen. I folkerøystinga om union røysta 368 208 personar (menn) nei til union, og 184 nei. 280 000 kvinnerøyster vart samla inn på friviljug og uoffisiell basis sidan kvinner ikkje hadde røysterett. Oppslutnaden om og engasjementet kring røystinga var so stor nett av di ho dreidde seg om norsk sjølvstende, å styra sjølve eller for å seia det flåsete med Raanes «å bli kvitt svenskene». Difor tykkjer eg det er reduksjonistisk å meina at det me skal feira i 2005 er slike uklåre, byråkratiske, UD-fraser som å delta og ta ansvar, å knytte band, utforme vår egen plass på den internasjonale arenaen. Eg meiner at ei 2005-feiring i tråd med anda frå 1905 burde vera ein debatt om kva nasjonalt sjølvstende vil seia i dag, og ein debatt om folkestyre. Det er ikkje ein irrelevant link – lausrivinga i 1905 var ei vidareføring av demokratiseringa frå 1814 og 1884. Både statsministeren og Raanes understrekar kor viktig det er å vera utettervend og inkluderande i staden for sjølvgratulerande og «seg selv nok». I same pressemeldinga får me vita at det skal produserast ein fjernsynsserie under jubileumsparaplyen, og den heiter «Alt for Norge». Sjølv om Alt for Norge er eit nobelt og rimeleg motto for kongen, trur eg at mange med meg like gjerne som å sjå føre seg kongen høyrer snøvlande mannsrøyster stemma i «vi gir alt, alt for Norge, ofrer alt, om vi må. Vi er røde, hvite, blå, hele kampen ut skal vi stå på, for Norge vårt fedreland». Det finst lite som er meir sjølvgratulerande og «seg sjølv nok» enn tribunenordmenn under landskampar. 2005-feiringa maktar ikkje ein gong på startstreken å leva opp til dei fine orda om ikkje å vera nasjonalistisk og sjølvgratulerande – og syner med det ein tydeleg nasjonal schizofreni, av same slaget som me finn i avisene når dei på leiarplass snakkar om den fårlege nasjonalismen og på sports- og kultursidene skryt uhemma av norske prestasjonar.2005-feiringa skal òg ha eit regionalt ankerfeste. Det er lagt opp til fire tema knytt til dei fire største byane i landet. I Trondheim skal teknologi vera hovudtema. Det har samband med at NTNU ligg der, og skal laga ei utstilling. I Bergen skal kysten og havet vera hovudtema. Bergen har jo fisketorget. Temaet som skal knytast til Tromsø er ikkje «Den fleirkulturelle nordkalotten», men «Det polare» ? med fokus på Nansen og Amundsen – som sikra den norske ishavsimperialismen folkeleg legitimitet. Temaet knytt til Oslo er «krig og fred», med ei utstilling knytt til den fredelege unionsoppløysinga.
Allerede abonnent? Logg inn