Gudinnekrigen
Å laga film om «Iliaden» var ingen dum idé. For sjølv om Homer etter tradisjonen skal ha vore blind, er formspråket i dette verket svært visuelt. Blikket til diktaren sveipar nesten fotografisk over slagmarka og manar fram store panoramabilde, og det zoomar inn menn i hjelm og brynje som kjempar med sverd og skjold. Dess nærare dei kjem, dess tydelegare blir detaljane, heilt til ein kan sjå kva slags lær hakereima til prins Paris er laga av. Lyden er like livaktig: Det blir ropt og skrålt, det skramlar og smell av metall mot metall. Når dei gamle rådsmennene i Troja snakkar om kor guddomleg skjønn Helena er, høyrest det som syngande sikadar. Den arkaiske sansen for flotte kroppar og valdeleg død skil seg lite frå moderne estetikk. Verre folk enn Brad Pitt kunne vore sette til å spela Akilles. Ein skulle tru at overgangen frå tekst til film måtte bli lett.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn