Som kunstnar og samfunnsmenneske høyrde Kjell Bækkelund det tjuande hundreåret til. Han var stor, men han brann ut. Mange meinte han burde ha gitt seg lenge før han gjorde det, men eg er evig takksam for den siste av dei mange avskilskonsertar. Det gjekk over stokk og stein, men det var stort og skjønt likevel, og etterpå såg meisterpianisten ut som om han var fallen ned frå månen. Store kunstnarar gjer ikkje det som er fornuftig, dei gjer det dei må. Kjell Bækkelund spela til det var slutt, og meir enn det. Han ville bli hylla, men han var ikkje glad når han vart hylla. Han såg ut som om tanken var på veg til ein annan stad. Eg har sett han ved gjengens julemiddag, den som var innstifta av han sjølv, og som han kanskje ein gong hadde stor glede av, men i dei siste åra såg eg han med veska på fanget, ofte klar til avreise før måltidet var skikkeleg begynt.