Meklinga i offentleg sektor omfattar både vesentlege kronekrav for dei lågast lønte i kommunesektoren og grunnleggjande prinsippspørsmål. Særleg har lærarane, som i år for første gong har kommunane som forhandlingsmotpart, varsla at dei ikkje vil bøya seg for kravet frå Kommunenes sentralforbund (KS) om å gi slepp på lønnssystemet som gir lønn etter ansiennitet og kompetanse. Men også i statleg sektor er spørsmålet om lønnssystem og forholdet mellom sentrale og lokale forhandlingar eit spørsmål der partane har stått langt frå kvarandre.