Solidaritet
I 1960 kjøpte eg 4-roms Selvåg-leiligheit på Veitvet – innskot kr 5.500, månadsleige kr 135.Trass i den moderate prisen budde det folk av ulik sosial status på Veitvet den gongen. På våren var det oppryddingsdugnad. Vi la merke til at nokre få ikkje møtte opp, og det var ikkje av dei som hadde minst kjende namn. Vaktmeisteren var ein innful sunnmøring. Han sa: «Vi kan ikkje vente at folk med artium møter på dugnad!»«Solidaritet» var sjølve passordet til Arbeidarpartiet før i tida – kanskje enno? Sidan eg flytte frå Veitvet, har vegane mine tilfeldigvis kryssa banene til to (nasjonale) partisekretærar i Ap. Den eine budde eg i lag med i eit rekkjehusfelt. Vi hadde dugnad på beising av felles garasjeanlegg. Partisekretæren møtte ikkje opp; men vi let nåde gå for rett, så også hans garasje vart beisa, like bra som dei andre.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn