Blir du lønsam, lille ven?
Kjære skuleelev, kjære barn av velmaktsdagar, fullasta og glasert med nedarva økonomisk og kulturell kapital. Skulegongen din burde vere ei rein triumfferd; gamle feil bøta på, sår lega. Pontoppidans statspietisme og Sandhed til Gudfryktighed og latinskulen er for lengst historie. Vesle Marius og hans tragiske endelykt fekk etter kvart si oppreising i einskapsskulen og den heterogene, demokratiske pedagogikken som venstrestyringa avfødde med sine nasjonale og sosialdemokratiske likskapsprinsipp. Denne ideologien blei seinare vendt tilbake til gjennom Arbeidarpartiets progressive pedagogikk. Du og alle andre er like viktige, for vi er alle eins inni. Bortsett frå at alle i skulen ikkje fekk bestemme like mykje, særleg ikkje du. Nå blei du rettmessig hovudperson, ettertrykkeleg sidan også i trykte dokument. Målet og vegen til kva som er viktig i utdanninga di, spørsmål om danning, verdiar, det å bli eit gagns menneske, utvikle evne til dialog, sjølvinnsikt og refleksjon burde til nå vere avklart.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn