Fryslân
- Tormod Skagestad (1920–1997), sjef ved Det Norske Teatret frå 1960 til 1979, var au forfattar, og skreiv skodespel, dikt og romanar. Mellom skodespeli hans er «Byen ved havet», skrive i 1957. Eg har dette skodespelet i bokhylla, men med ein annan tittel og på eit anna mål: «Borgen, de roppene. Drama yn trije bidriuwen.» Under tittelen står det Ut it Nij-Noarsk oerset troch J. H. Brouwer en A. T. Brouwer-Prakke. På baksida av boki fær me vita at ein kjend teaterkritikar har karakterisert skodespelet med desse ordi: Ien fan de nijsgjirrichste en fruchtberste eksperiminten yn de moderne Noarske dramatyk en in kunstwerk fan bilang. Om eg fortel at bilang tyder «verdi, interesse», les du sikkert resten utan hjelp. Som du sjølvsagt har skjøna, har eg dette skodespelet i ei omsetjing til det vestgermanske språket frisisk, som vert tala i Nederland og Tyskland, av nærmare 750.000 menneske. Det er litt upresist å seia at skodespelet er omsett til frisisk, for det finst tre frisiske hovudmålføre, som er så ulike at dei gjerne kunne kallast tre frisiske mål. Borgen, de roppene er i vestfrisisk målbunad. Vestfrisisk – eller frysk
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn