Om barn og streik
Mai er ei fin tid. Særleg når streikeviljen trassar Dagsrevyen sine fordummande innslag om kor lite dopapir som er igjen i hyllene, kor mange aviser vi ikkje får lest og korleis hotellstreiken rammar akkurat deg; innslag som ikkje nemner kvifor så mange fagorganiserte legg ned arbeidet. NRK sine såkalte ekspertar følgjer på med å påstå at streik nok er eit gammaldags verkemiddel, og den same statskanalen driv kampanjejournalistikk for å undergrava solidariteten mellom forbunda. Likevel held dei på, dei streikande. Det er det aller beste med mai i år.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn