– Delvis same krigen
– Streikeviljen er stor, seier forbundsleiar Helga Hjetland, leiar i Utdanningsforbundet. Medan både transportarbeidarar, hotellarbeidarar, grafikarar og journalistar er i streik, markerte 45.000 medlemmer av Utdanningsforbundet på tysdag at dei kan bli neste pulje i det som kan sjå ut som ein streikestafett. Med demonstrasjonar rundt omkring i landet markerte lærarane at dei ikkje godtar måten Kommunenes sentralforbund (KS) har gått fram på i tariffoppgjeret i år. Etter brott i forhandlingane starta meklinga 5. mai. Partane har frist til midnatt måndag 26. mai for å komma fram til ei løysing. Lykkast ikkje det, kan det bli lærarstreik frå og med tysdag 27.mai.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn