Den amerikanske kultur- og litteraturforskaren Fredric Jameson har gjort oss merksame på at det i dagens samfunn er ein merkverdig slektskap mellom finanskapitalen og deler av kulturproduksjonen. Pengekapitalen har som ein sommarfugl floge fri frå det industrielle puppestadium, og soleis fjerna seg ytterligare frå dei menneskelege verdiane. Innanfor den dominerande kulturen vert det produsert eit overskot på meining som berre rører svakt ved den eksistensielle erfaringa til kvar enkelt. Finanskapitalen er ikkje det høgste stadium av kapitalismen, slik som Lenin og Hilferding hevda. Det har heller vore ei spiralrørsle i historia av handel, produksjon og spekulasjon, noko som starta hjå dei italienske bystatane under renessansen og som har sin førebelse slutt i dagens finansielle kapitalisme, med knutepunkt i New York og andre globale hovudstadar.