Politikerforakt?
I tida rundt kommunevalet i fjor, køyrte Kjell Magne Bondevik rundt i Bergen. Det var eit stort bilete av han på baksida av ein buss. Han hadde på seg matrosdress og han hadde stort, breitt fjes og bulande auge-eple, noko som fekk han til å sjå ut som ei padde. Han sat med beina i kross og hendene falda rundt det øvste kneet, i kjent bestemmegås-positur. Vi kunne nesten høyre han skryte av sist Göran Persson eller George Bush ringte, eller bruke formuleringane «vi må huske på at» og «det er jo slik at». Og då måtte vi nesten hytte med nevane mot bussen: Nei, det er det ikkje, Kjell Magne, og du hugsar feil. Kjell Magne på bussen er bilete av ei dukke, dukka var ein del av riksutstillinga «Kunst til folket», og denne heldt til i Bergen i tida rundt kommunevalet. KrF gjorde det ikkje særleg bra, og nokon må stille spørsmålet: Var det den massive marknadsføringa av Kjell Magne som bestemmegås og padde som hadde skulda? Politikarforakt er eit sterkt ord. Då eg var liten og las Maria Gripe si «Hugo og Josefin»-bok, fekk eg ei grundig innføring i korleis det var for Josefin å bli forakta av mobbaren Gunnel. Eg siterer fritt etter minnet: «– Eg foraktar deg, sa Gunnel og auga blei til smale strekar. Det isna i Josefin.» Eg forsto forakt som noko som høyrte dei overlegne til, eit våpen dei overlegne kunne bruke mot dei svakare. Og vi som lurer på om vi foraktar Kjell Magne, er ikkje sterkare enn han, for det er han som bestemmer. Dessutan nyttar det ikkje å gå rundt å forakte i skjul, det nyttar ikkje å skjule forakten sin i overskrifter av typen «politikarforakt blant folk» når vi heilt sikkert ikkje hadde vore i stand til å forakte openlyst dersom vi møtte Kjell Magne Bondevik på dei arenaer vi kjenner han frå: det vere seg kvar som helst berre det er eit kamera eller ein mikrofon til stades. Viss vi skulle stå der saman med han og kameraet og mikrofonen, hadde vi ikkje våga å få auge som smale strekar medan vi forakta så det isna i Kjell Magne. Og kva skulle det ha vore godt for? Ville Kjell Magne ha slutta å skryte av makta si dersom vi sa: «vi foraktar deg, Kjell Magne, når du overdriver i forsøket på å skape eit bilete av deg sjølv som ein statsminister av historisk betydning»? Nei, han ville sagt: «Det er ikkje eg som har laga den dukka det er bilde av på den bussen som køyrte rundt i Bergen». Og viss vi då sa, som sant er, at «jo, det er det», så ville vi måtte forklare oss så mykje at det vart ufjelgt. Det er ikkje politikarforakt, det er skam over kven ein lar styre, skuldkjensle over mobbemåten å møte dei på og frykt for mangel på måtar å avsløre den tomme retorikken på – når det kjem til stykket, og det gjer det jo når ein møter kunsten på bussen.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn