JA = NEI
Sjølv har eg vore i tenkeboksen sidan 1961 då eg las Arild Haaland sitt hefte «125 spørsmål og svar om Norge og Fellesmarkedet» og Romatraktaten med dei fire fridomane. På Voss offentlege landsgymnas skreiv eg norskstil om emnet. Arbeidaren sin fridom gjekk alt då ut på at han kunne flytte frå arbeidsmarknaden i eitt land til marknaden i eit anna, dit arbeidskjøparane var villige til å kjøpe arbeidskrafta hans. Slik fell arbeidaren og kapitalen sin fridom saman, ettersom kjøp og sal av ei vare berre er to sider ved same handling. Dette siste poenget forstod eg ikkje fullt ut før litt seinare, då eg forvilla meg inn i «Das Kapital» av ein viss K. Marx – ei bok eg enno ikkje har greidd å komme heilt ut av trass i alle dei velmeinande menneska som gjennom åra har hjelpt meg med det.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn