Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Om att og om att

  • Det er ingen naturlov at norsk skrift er i live som kulturspråk om 100 år, skreiv Gudleiv Forr i Dagbladet laurdag 17. april. Nei, det er ikkje naturlover som styrer historia, men me kan ikkje av den grunnen hevda at norsken kjem til å døy i ei nær framtid. Diverre nemner Forr ingenting som sannsynleggjer at det er fare på ferde. Han kjem berre med det gamle argumentet om at fordi engelsk har vorte eit verdsspråk, så vil det overta styringa, om me ikkje passar på. Det trengst både forsvar og offensiv, som han skriv. Innimellom vert eg frykteleg lei av alle dei som står fram og spår ei myrk framtid for det norske språket – anten dei meiner det ikkje lenger er i live om hundre år, eller avgrensar seg til å uttrykkja redsle for norsk som kulturspråk i det same tidsperspektivet. I fjernsynsprogrammet «Typisk norsk» på NRK1 laga dei nyleg mykje moro rundt desse spådomane, med Terminator-inspirerte scener der norsktalande vart skotne med maskingevær, og på det viset fekk dei – medvite eller umedvite – parkert spådomane der dei høyrer heime, nemleg i eventyrverda. Engelsk er eit internasjonalt hjelpespråk i mange delar av verda. Framleis finst det rett nok svært mange land der du ikkje kjem nokon veg med engelsk. I det «frankofone» Afrika møter du få som kan engelsk, og når det kjem til stykket, er ikkje alltid fransk så nyttig i desse landa heller. Og engelsk er ikkje einaste språket du treng i alle delar av det «anglofone» Afrika. Storbritannia og Frankrike framsteller dei tidlegare koloniane og mandatområda sine som delar av høvesvis den engelsktalande og den fransktalande verda, men det er ei sanning med modifikasjonar. Ei lang rekkje land har engelsk som offisielt språk, men talet aukar ikkje, og det dreiar seg om land der engelsktalande folk har vore inne som kolonisatorar eller okkupantar. I USA, engelskens høgborg, veks spansk snøggare enn engelsk; i 1990 hadde 8,9 prosent av innbyggjarane, eller 22,4 millionar menneske, spansk som fyrstespråk – ein auke på 61 prosent sidan 1970. Jamvel så langt nord som i Portland, Oregon, opplevde eg at all munnleg informasjon på trikkane vart presentert på både engelsk og spansk. Eit klårt teikn på at eit språk er truga er at det ikkje vert lært av nye ættleder, som når det algonkiske språket shawnee i Oklahoma berre vert tala av rundt 250 menneske, og alle talarane er middelaldrande eller eldre. Det finst mange språk som er truga på same vis som shawnee, men norsk høyrer ganske enkelt ikkje heime mellom verdas truga språk. I Noreg er det ingen som helst tendens til at yngre folk lærer engelsk i staden for norsk. Mange av oss er meir eller mindre tospråklege, men to- og fleirspråklegheit er det normale over det meste av verda, og kan ikkje brukast til inntekt for dystre spådomar om norsken. Eigentleg synest eg det tek til å verta meir interessant å drøfta kor lenge engelsk held posisjonen sin. Verdsspråk må ha stormakter i ryggen, og USA og Storbritannia har kanskje den lysaste framtida bak seg?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen