Er det for seint?
Alf er mannssjåvinist, av dei heilt stokkblinde: «No kan vi angre,» sa han her om dagen. Kva skal vi angre på? spurde eg. «At vi lærde kvinnene å lese,» var svaret. «Har du sett dette såkalla søndagsmagasinet til Dagbladet? Kva står det der? Ingenting anna enn ein skjerpa variant av det eg kallar 'damebindet' til Aftenposten. Det som er skilt ut frå den seriøse delen. Og den nye utgåva av Trønderavisa har mest ikkje anna stoff! Dagsavisen har meir eller mindre gått same vegen. Snart er det berre dameblad igjen!»Du tek vel for hardt i no, måtte eg innvende. Du kan vel ikkje skulde på kvinnene for alt som er gale med pressa? Alf høyrde ikkje på meg. «Camille Paglia var altfor mild,» heldt han fram. «Ho sa, at dersom kvinnene hadde vore overlatne til seg sjølve, så hadde dei budd i jordholer framleis, som i steinalderen. Men dér tok ho feil. Steinalderen var ein avansert periode! Jordholer hadde kvinnene aldri i verden budd i, dersom dei ikkje hadde hatt ein del mannfolk til å grave. I alle fall dersom jorda hadde vore av det litt harde slaget, det som vi mannlege geologar seier har 'salthelle'. Nei, på eiga hand hadde nok damene budd på flatmarka, og så prøvt å klatre opp i eit tre om kvelden. Men leopardar og slangar klatrar også i tre. Så dei hadde nok klatra forgjeves!» Det betyr, sa eg, at dersom vi ikkje hadde teke opp den vanen å grave jordholer til damene, og verje dei med steinøks, så hadde vi måtta klart oss utan dameselskap no? Kva hadde det då hjelpt med seriøse aviser?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn