Strid om kvinnekonvensjon
Korleis skal FNs kvinnekonvensjon innarbeidast i norsk lov? Det er eit spørsmål som grip direkte inn i noko av diskusjonen kring Makt- og demokratiutgreiinga. Forholdet mellom internasjonale rettar og nasjonal lovgiving vart eit hovudpunkt. Fleirtalskonklusjonen gav uttrykk for ei frykt for at internasjonalt anerkjente individuelle rettar kan bli eit trugsmål mot det nasjonale folkestyret. Når FNs kvinnekonvensjon no skal inkorporerast i norsk lov, vil regjeringa plassera den i likestillingslova. Anne Hellum, professor i kvinnerett ved Universitetet i Oslo, er av dei som undrar seg over at regjeringa ikkje vil inkorporera kvinnekonvensjonen i menneskerettslova, slik det er gjort med andre internasjonale konvensjonar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn