Du kan bla til neste sideBla med piltastene

KrF og kjærleiken

Noreg er eitt av svært få land i verda som har ein prest som statsminister. Han representerer eit parti som har familien og ekteskapet som høgt prioriterte tema. Likevel har landet ei ekteskapslovgiving som slår fast at ikkje alle er like verdige til å gifta seg på norsk jord. For snart ti år sia vedtok Stortinget at ein utlending berre kan inngå ekteskap i Noreg dersom ho eller han har lovleg opphald i landet. Norsk utlendingspolitikk har ført til at ein del menneske frå ulike kantar av verda har komme til å opphalda seg lenge i Noreg utan at dei har fått innvilga rett til lovleg opphald i landet. Det gjeld også ein del som ikkje ser at dei har noko anna land å reisa til. Naturleg nok er ein del av dei som er flyktningar i Noreg i ein alder der det er vanleg å stifta familie. Unge menneske møtest og blir glade i kvarandre. Sånt skjer både med dei som har «papira sine i orden» og med dei som ikkje har det. Men ekteskap på norsk er altså ikkje for kven som helst. Det har eit kurdisk-latvisk par i Bergen fått erfara. Tre år har gått sia dei første gong prøvde å få gifta seg. Sia begge budde i Noreg, var det ikkje unaturleg at dei kunne ønska å gifta seg her. Men nei, utan lovleg opphald, ingen rett til å inngå ekteskap. Etter tre år er situasjonen like uavklart for den kurdiske mannen som har fått avslag på søknad om opphald. «Frivillig retur» framstår ikkje som noko opplagt alternativ. Utan «papira i orden» er det heller ikkje lett å reisa til eit anna land for å gifta seg. Stortingsrepresentant Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) uttalte til Klassekampen før påske at dette eksemplet er ei påminning om at lovverket bør reviderast. Her har KrF – med både statsminister og familieminister – ein sjanse til å slå eit slag for kjærleiken, og visa at det ligg alvor bak orda om å styrkja ekteskapet som ei trygg ramme kring forpliktande samliv. Kanskje eit like viktig menneskeleg omsyn som det å bruka ekteskapslovgivinga til å stramma inn utlendingspolitikken?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen