Fleire asyl og fleire avslag
Både Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) har gitt asyl til noko fleire flyktningar i 2003 enn i 2002. Men dette er først og fremst resultat av ei viss forskyving av grensa mellom asyl, opphald «av beskyttelsesgrunner» og opphald på humanitært grunnlag. UDI gav asyl til 585 i 2003, mot om lag 330 i 2002. Talet på dei asylsøkjarane som har fått opphald på anna grunnlag er om lag det same som i 2002 – nær 3000. UNE, som behandlar alle klagar på avgjerder i UDI, gav asyl i 21 av dei nesten 10.000 sakene som vart behandla i 2003, mot berre ti i 2002, men færre fekk opphald på humanitært grunnlag. I 2002 var det 4 prosent av asylsøkjarane som nådde fram med klagen sin til UNE, i 2003 berre 2,5 prosent.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent