Kvinnemål og sidesak
Den nynorske kvinna. Kven finn vel henne? Ho er ikkje å lese i dei største norske avisene. Ikkje er skrifta hennar å sjå i spaltene til dei store norske kvinnemagasina. Ikkje blir ho nevnt i den mannsdominerte nynorskhistorieskrivinga, og det har nyleg blitt kjent at ho berre så vidt er representert i nynorskavisa Dag og Tid. Så kvar er den nynorske kvinna? Kven er den nynorske kvinna? Kvifor kjem ho ikkje fram? Er det fordi ho er redd for dei bokmåle kvinnene i regjeringa som går til åtak på nynorsken? Er det fordi ho er redd for dei nynorske mennene som går til åtak på kvinnene? Eg veit kven den nynorske kvinna er: Ho har raudt hår og tydeleg diksjon, og heiter Audhild. Den nynorske kvinna er kulturminister, og heiter Valgerd. Den nynorske kvinna er interessert i vitskap, og heiter Gry og Unni. Ho er prisbelønt skodespelforfattar, og heiter Maria. Den nynorske kvinna er songfugl, og heiter Herborg. Den nynorske kvinna er festspeldiktar i Bergen, og heiter Erna. Visste du at dette var den nynorske kvinna? Ja, det gjorde du nok. Men visste du at den nynorske kvinna også er lærar, reinhaldsmedarbeidar, røyrleggar, sjukepleiar og bankfunksjonær? Vil du vite meir om henne? Visste du at ho gjekk på do og hadde mensen? Vil du vite meir? Visste du at ho var fjernsyns-sjåar, kles-konsument og seksuelt aktiv? Vil du utnytte kjøpekrafta hennar på ein betre måte? Fordi ho fortener det! Vil du høyre på henne? Ho fortener dèt òg. Eg vil først og fremst høyre frå henne, og helst i andre forum enn dei intellektuelle. Difor vel eg meg kvinnemagasinet Henne, som nyleg feira ti-årsjubileum. Eg utfordrar Henne til å markere milepælen med å tilsetje ein nynorsk journalist og ein nynorsk skribent. På leiarplass i siste nummer, skryt redaktøren Ellen Arnstad av at bladet har «blitt lagt merke til i samfunnsdebatten» og ho lovar at bladet framleis skal «speile den». Eg trur Henne vil bli lagt merke til i samfunnsdebatten viss bladet lar nynorsk få ein sjanse til å motbevise at han er eit elitespråk. Innhaldet i ein mote- eller livsstilsreportasje, endrar seg ikkje når det blir skrive på nynorsk i staden for bokmål, og det er nok av nynorske kvinner som heller vil lese Henne enn å lese Dag og Tid. Når fleire og fleire bokmålsbrukarar bedyrar at dei godt kan lese nynorsk, berre dei slepp å skrive det, så kan det ikkje vere noko i vegen med å bruke begge målformer. Og dersom Henne viser unge jenter at det er ei framtid i å bruke nynorsk, så kan Ellen Arnstad endå til smykke seg med tittelen samfunnsansvarleg. Og viss ikkje Arnstad vil, så må nokon andre gjere det. Kom an, redaktørar! La dei nynorske kvinnene skitne seg til!
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn