Vulfsons og Jurkans
- Den 8. mars døydde latviaren Mavriks Vulfsons i Riga. Når han vart umtala som jøde vart namnet hans skrivi Mawrek Wulfson. Han vart 86 år gamal. Eit magert firskore andlet under kvitt hår, store brillor, milde augo. Lengje hadde han levd, og skuggeredd hadde han aldri vore den karen. På eit allmøte i det latviske forfattarlaget i 1988 tok han ordet og tala åt forfattarane og den frammøtte kommunistleidingi. Høgt sa han det som i årevis hadde liggje som eit verkjande sår i hugen hjå mange, at Latvia i 1940 ikkje friviljugt hadde meldt seg inn i Sovjetunionen, men vorte sovjetisk etter ein hestehandel millom Stalin og Hitler, den sokalla Molotov-Ribbentrop pakti.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn