Grunnplanet i LO vil dra i gang valkampen allereie no. 31 lokale LO-avdelingar var i helga samla på Folkets Hus i Oslo, og dei vil ha fagrørsla aktivt inn i mobiliseringa fram mot 2005. Styremedlem i Attac Noreg, Magnus Marsdal, deltok som observatør på møtet. No tilbyr Attac LO drahjelp i arbeidet med å demma opp for nyliberalismen i Noreg. Marsdal viste i sin tale til forsamlinga til at Attac klarte å samle 10.000 demonstrantar mot ein «lusen forskarkonkurranse i regi av Verdsbanken». Han meiner fagrørsla har mykje å vinne på eit samarbeid med desse kreftene. Det var brei semje på konferansen om å takke ja til invitasjonen frå Attac.