Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bodéwadmi

  • Førre veka skreiv eg om ojibwe-folket, som er mellom dei største innfødde folka i Nord-Amerika. Dei tel rundt 190.000, og rekna ein med kanadiske «métis» av ojibwe-opphav, ville ojibwe-folket bli det største innfødde folket i Amerika nordanfor Mexico. Språket ojibwe står svært nær ottawa og potawatomi, eller odaawaa og boodewaadamii, som dei heiter på ojibwe. Boodewaadamii tyder 'eldstadfolket'. Det er ikkje så mange hundre åra sidan desse tre språka var eitt. Dei tre folka som snakkar desse tre språka – og som utgjorde Dei tre eldars råd – har klåre tradisjonar om ei tid då dei budde ved havet. Me veit ikkje heilt sikkert kva hav det var. Det kan ha vore Atlanterhavet ved St. Lawrence-bukta, men mest sannsynleg var det Hudson Bay. Omkring år 1400 tok det til å bli eit kaldare klima i Nord-Amerika, og då vandra desse folka sørover, fyrst til austsida av Lake Huron. Odaawaa-folket blei verande i desse stroka, medan ojibwe og bodéwadmi, for å bruke potawatomiane sitt eige namn på seg sjølve, heldt fram vestover. Då 1500-talet byrja hadde bodéwadmi-folket kryssa Mackinac Strait frå øvre til nedre Michigan, medan ojibwe-folket drog mot Lake Superior. Ordet Mackinac kjem av ojibwe-ordet mikinaak 'skjelpadde'. Fram til byrjinga av 1600-talet budde bodéwadmi-folket austanfor Lake Michigan, men på 1630-talet byrja dei å kjenne seg truga av andre folkeslag. Dei forlét desse områda og slo seg ned på Door-halvøya på vestsida av Lake Michigan, men på slutten av 1600-talet fann dei det tryggast å trekkje seg sørover langs Lake Michigan. Tidleg på 1700-talet fanst det bodéwadmi-landsbyar frå Milwaukee til Detroit, og etter 1760 utvida dei området sitt i Indiana og Illinois. I 1807 byrja chmokmanek 'storknivane' – det vil seie dei kvite – å ta frå dei landet, og mellom 1834 og 1842 blei dei fordrivne til område vestanfor Mississippi – somme hamna i Kansas og andre i Oklahoma. Ikkje lenge etter, i 1889, blei dette nye landet teke frå dei og gjeve til europearar. I dag bur bodéwadmi-folket, noko over 22 000 menneske, på ulike stader i Kansas, Oklahoma, Wisconsin og Michigan. Ojibwemowin 'ojibwe-språket' og bodéwadmimwen 'bodéwadmi-språket' liknar ganske mykje på kvarandre, og det er grunn til å tru at dei to folka kan snakke saman utan store vanskar. Dersom me samanliknar bodéwadmi med Minnesota-varianten av ojibwe ser me lett kva som skil dei. Ojibwe har tre korte vokalar, i o a, og fire lange, ii oo e aa. På bodéwadmi har dei tre korte vokalane anten falle heilt bort eller blitt til ein vokal som blir skriven e og uttala som den fyrste a-en i det engelske ordet again. Dei fire lange vokalane har overlevd, men er ikkje så lange lenger, og blir skrivne i o é a. Resultatet er at bodéwadmi-orda er mykje kortare enn ojibwe-orda, og me treng ikkje gå lenger enn til boodewaadamii / bodéwadmi for å sjå skilnaden. Medan 'kvinne' heiter ikwe på ojibwe, har det blitt til kwé på bodéwadmi. Vidare kan me samanlikne bodéwadmi chmokmanek 'kvite' med ojibwe gichimookomaanag.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen