Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dionysos og bonden

For nokre år sidan hekk bilætet i Estlands kunstmuseum i hovudstaden Tallinn, og det er mogeleg det heng der enno: «Poltsamaa loss ja kirik talved», «Poltsamaa slott og kyrkje vinterstid». Det er måla i 1783, og det er stort, mest frå golv til tak, og det syner slottet og kyrkja og ein liten krull menneskje og hestar råma inn av ei mergstelande, uhyggjeleg endeløyse i snjø og kjøld her på kanten av det som den gongi var det russiske imperiet. Poltsamaa ligg på vegen millom Tallinn og Tartu i dagens Estland. Hit kom aldri vinguden Dionysos sjølve seg yver havet med leikande delfinar kring båten og i masti vinrankje med druve-klasar. Den einaste på bilætet som ser ut til utan mein å kunne berge seg og yrkje i denne endeløysa og einsemdi er ein bondemann på veg framum med tvo uksar framfyre eit fórlass, og han dyrka frukt og bær, ikkje vindruvor. I Estland voks frukt- og bærdyrkjing og vinleggjing av avlingane til ein munsam næringsveg. Poltsamaa vart ogso eit kjent vinmerkje. I dei ni fyrste månadene av fjoråret vart det laga nær på 2 millionar liter slik vin i Estland, og det er mykje i eit folk på vel halvannan million sjeler. Serleg set estarane pris på rips- og solbærvin og tranebærvin, fortel Jaak Turro som er leidar av verksemdi Tarco Vein. I fjor laga Tarco Vein 161 000 liter vin. Ved folkerøystingi um estisk EU-medlemskap frå 1.mai i år røysta fleirtalet for medlemskap. Av tvo årsaker kjem dette til å råke heimleg estisk vinlaging ilt, sukkerprisen kan koma til å tredublast og heimleg vin skal få auka avgift og koma på line med druvevin frå sud. I skåli frå kring 550 ligg Dionysos og kviler i båten medan god bør siglar honom yver Egeerhavet.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen