Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Baa Baa!

  • Baa Baa makade-maanishtaanish, Awiiya na maanishtaanishibiiwin gidayaawaa? Eya'. Eya'. Niso-mashkimod. Ingod o'ow mashkimod a'aw indoogimaam. Ingo-mashkimod wiin indoogimaakwem. Miinaawaa ingo-mashkimod a'aw gwiiwizens Iwidi miikanensing gii-ani-danademod. Slik læt ein kjend barnesong, omsett til ojibwe. Kva for ein barnesong? Vent litt, så skal eg fortelje deg det. I mellomtida kan du jo prøve å gisse! Ojibwe er eit språk som blir snakka av rundt 60.000 menneske i Michigan, Wisconsin, Minnesota, North Dakota, Quebec, Ontario, Manitoba og Saskatchewan. Kor mange prosent av heile ojibwefolket desse 60.000 menneska utgjer er ikkje heilt enkelt å avgjere, men truleg er det under 30 prosent. Ojibwe tilhøyrer den algonkiske greina av den algiske språkfamilien, som blir tala over eit større område enn nokon annan nordamerikansk språkfamilie. Dei algonkiske språka finn me frå Labrador og sørover til North Carolina, og derfrå vestover til Montana og Alberta. Kjende algonkiske språk attåt ojibwe er mohegan (mohikansk), delaware, shawnee, fox, miami-illinois, potawatomi, cree, menomini, cheyenne, arapaho-atsina og blackfoot. Ved sida av den algonkiske greina finst den ritwiske, representert ved to språk i California, wiyot (som ikkje lenger blir tala) og yurok. Songen eg byrja med i dag er sjølvsagt «Bæ bæ vesle lam», og ojibwe-utgåva har eg funne i ei bok eg kjøpte for nokre månader sidan, Living Our Language (St. Paul 2001), utgjeven av Anton Treuer. Utgjevaren underviser i historie ved University of Wisconsin-Milwaukee, og tilhøyrer Leech Lake-gruppa av ojibwe-folket. Forresten heiter innsjøen Leech Lake Gaa-zagaskwaajimekaag på ojibwe, dette vakre språket som eg sjølv har hatt høve til å høyre både i Michigan og Ontario. Living Our Language er ei gild bok, der ti eldre ojibweg eller medlemer av ojibwe-folket fortel både morosame og dramatiske soger frå livet sitt. Alt saman er attgjeve på både ojibwe og engelsk, og er ein fryd for målgranskaren. Bak i boka finn me jamvel ei ordliste på over tjue sider, eit fint supplement til den framifrå 288-siders ordboka A Concise Dictionary of Minnesota Ojibwe (Minneapolis & London 1995) av språkforskarane John D. Nichols og Earl Nyholm. Det er Naawi-giizis (fødd 1918), eller Jim Clark, som han heiter på engelsk, som kjem med denne barnesongen. Fyrste linja i songen, Baa Baa makade-maanishtaanish, tyder 'bæ bæ svart-sau'. I andre linja finn du ordet for 'ull', nemleg maanishtaanishibiiwiin. Ojibwe er mellom dei mest livskraftige av dei innfødde språka i Nord-Amerika, men – særskilt i Sambandsstatane – er språket truga. Mange stader er det berre folk over 45 år som meistrar språket. Alle dei yngre, dei som skulle gle seg over Baa Baa makade-maanishtaanish, snakkar berre engelsk. Men, som Giniw-aanakwad (1922-2000) uttrykte det. «Me misser ikkje språket vårt. Språket vårt misser oss.»Rolf Theil er professor i allmenn og afrikansk lingvistikk

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen