Dei nye feministane
Jentene bak feministantologien «Femkamp» går igjen ut i Klassekampen og hevdar at 8. mars-toget er avleggs. Slutninga er slik: Aviser spør feministar om dei vil gå i tog – feministar svarer nei – «berre» 1000 stykker går i tog – avisene trur at feminismen er død. Derfor må me legga ned 8. mars-toget. Glitrande analyse! Skal me heretter berre demonstrera viss me klarer å mobilisera over 1000? Inga markering mot krig utan minst 1000? Inga markering for kvinneløn eller 6-timars dag? Ingen synleg støtte i gatene til reinhaldsarbeidarane? For me kan jo alltids senda ein e-post. Er det 8. mars-toget som hindrar jentene bak «Femkamp» i å vera aktive – på sin måte? Korleis er 8. mars-toget eit hinder for dei? Kanskje det av og til kan vera greit å løfta blikket ut av Oslo-gryta for å finna ut kva som skjer i Sogndal og i Mosjøen? Me synst det er greitt at me er usamde om betydninga av 8. mars-toget. Ikkje alle feministar likar å gå i tog, men mange gjer det. Fleire i år enn i fjor. Både i Oslo, Bergen og Stavanger. Me har vore med og arrangert 8. mars-markering i meir enn 20 år. Det tyder ikkje at me må gå i tog i 20 år til, men me legg ikkje ned ei markering fordi skrivande jenter i Oslo meiner at kvinnekampen er overtatt av politiske ungdomsorganisasjonar.Mykje meir8. mars-arbeidet er faktisk langt meir enn å arrangera demonstrasjonstog, parolemøter og parolemaling. Det dreier seg om til dels harde politiske diskusjonar om kva saker som skal løftast fram kvinnedagen. Arbeidet inkluderer også å arrangera politiske møte, og å finna ein måte å samarbeida på med mange andre organisasjonar med ulikt syn på kva som er kvinnesak. Det dreier seg om å arrangera festar der ein freistar trekka fram i lyset kvinnelege artistar, be kinoar setta opp aktuelle filmar, be biblioteka stilla ut bøker som synleggjer kvinner. Å driva konkret internasjonalt solidaritetsarbeid. Samla inn pengar til tiltak for kvinner i prostitusjon på Filippinene, eller til afrikanske organisasjonar mot kjønnslemlesting. Synleggjera innvandrarkvinner i Norge. Selja bladet vårt, Kvinnejournalen. Og mykje kjedeleg praktisk arbeid. Å prøva å få media interessert i synleggjering av sakene, i staden for det evinnelege maset om at ingen bryr seg om kvinnedagen. Veslemøy Lode (Klassekampen 16. mars) ynskjer å samla krefter om et minste felles multiplum, om noko alle feminstar kan vere samde i. Me synst ikkje det er noko mål. Me meiner det faktisk er eit mål i seg sjølv at me er mange som tenker ulikt og diskuterer. Berre slik kan me komma vidare. Felles organisering er uaktuelt, det er verken mogleg eller ynskjeleg, men at me har felles møteplassar er bra, og 8. mars kan godt vera ein slik møteplass.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent