Det russiske mindretalet i Latvia, so som i dei hine baltiske statane, er sjølvsagt ikkje eit innestengd mindretal, men meir å rekne for ein tilflutt renning av russisk språk og kultur og med dette store språk- og kulturfellesskapet i ryggen. Og når russarane i lange bolkar i soga har hatt makti i Latvia, er det tidt latviarane sjølve som har hatt god grunntil å kjenne seg som eit truga mindretal millom det store russiske folkehavet og Austersjøen. No um dagen går russisktalande skuleungdom i hovudstaden Riga i hopetal i gatone og tek til motmæle mot ei ny lov for den vidaregåande skulen, og attarljomen svarar frå murane i Kreml med harde åtak på latviske styresmakter som krev større rom åt latvisk mål i minoritetsskulane. Austanfrå kom det nyleg ogso ei stor bokgåve som skulde vera til hjelp i russiskupplæringi. Det var allkunnebøker, ordbøker og bøker i landkunne og russisk soge, og med alle dei såre flekkane i latvisk-russisk hopehav sa det seg sjølv at den latviske skuleboknemndi granska sogeboki nøgje, men dei likte boki. Dei rådde til at ho kunde brukast til handbok for lærarane.