Hadde eg vore gift med forhandlingsleiaren for Reiselivsbedriftenes landsforening, Sten P. Magnus, måtte eg ha funne fram kjevlet. Ja, nett: kjevlet. For kva fekk ikkje direktøren (han er sikkert direktør, dei plar vera det i NHO-systemet) seg til å seia på hovudstyremøtet i NHO, no i førebuingane til tariffoppgjeret? Jo: «Vi må slutte å snakke om lavtlønnede. Vi må snakke om markedslønn. Det snakkes om en lønn å leve av, men jeg kjenner mange hjelpepleiere som lever på Ringerike. Kona mi er hjemmehjelp, og hun lever også på Ringerike.»Sa denne Magnus, rett nok i eit forum han trudde var utan presse. Greitt det. Klarare kan ikkje kunnskapslaus NHO-arroganse framvisast. Det er ikkje årevis sidan han var frampå sjølvaste storesjef Bergesen heller, og meinte at 39 øre timen kunne vera ein høveleg lønsvekst for underbetalte kvinner, så som hans eiga kone vernepleiaren. «Alle er like, men somme er likere enn andre,» seier dei i Ringerike-land. Kanskje Magnus og Bergesen kunne reflektera litt over det – nærast som ein liten studiering i hovudstyret i NHO.Etter over hundre år med likelønskamp har framleis ikkje NHO-direktørane oppfatta at det er noko som heiter lågløn. «Hva er lavlønn?» spurde han, denne Magnus, fremste forhandlingsmotparten til dei organiserte i Hotell- og Restaurantarbeiderforbundet. Framleis i det etter kvart godt kjende hovudstyremøtet til NHO for to veker sidan. Har han fortrengt den langvarige streiken nett dette forbundet gjennomførte for to år sidan, då dei med heile LO-familien i ryggen slo tilbake åtaka på normalarbeidsdagen? Kanskje det. For det var ein rå kamp dei førte, arbeidsgjevarsida. Advokaten til nett Reiselivsbedriftenes Landsforening stod bak gardina på Suitellet på Kokstad og filma då vi frå LO i Hordaland og Bergen stilte opp med appellar på markering for dei streikande. Sjølv garva karar frå Fellesforbundet var mållause (og det skal minsanten noko til!) Så at Magnus fortrengjer, det kan ein forstå.Men kva er lågløn, NHO? Reint teknisk har ein i tariffpolitiske krinsar definert løner under 70 prosent av gjennomsnittleg industriarbeidarløn som lågløn. I det verkelege liv kjøper ein ikkje mjølk og brød for prosentar, men for kroner. Og lågløn betyr at du knapt kan leva av løna i ein heiltidsjobb. Lågløn er når du må snu på kvar einaste krone – og uansett ikkje får endane til å strekkja til. Ei løn å leva av handlar om økonomisk sjølvstende, om å kunna forsørgja seg sjølv og sine barn, anten ein no er kvinne eller mann. Fagforbundet kalla i år 2002 dette for ei anstendig løn. Rimelegvis eit framandord for fallskjermgutta i NHO. Endå verre at Kommunenes Sentralforbund den gongen gjekk ut med Ap-mannen Halvdan Skard i front og proklamerte at dei ikkje ville driva fordelingspolitikk i tariffoppgjeret. Dei skulle vera konkurransedyktige i marknaden, må vita. For slik lyder det når makta i offentleg sektor skal oppføra seg slik dei trur at dei gjer det i privat sektor. Og då vert likeløn og lågløn begrep ein må vaska munnen sin for.