Nissen på lasset
- I millomkrigstidi, både i Finland, Estland og Latvia, var det tre politiske tyngdepunkt som til ein viss mun vog kvarandre upp og gav rom åt ulikt syn på styre og stell. Til høgre eit konservativt bondeparti, nasjonalliberale parti i midten der veljarar med høgare utdaning jamt høyrde heime, og sosialdemokratar til vinstre. I Latvia, som skal umtalast her, heldt denne inndelingi seg verksam til Karlis Ulmanis, til liks med Konstantin Päts i Estland, tok makti i 1934. Fram til då hadde det frå 1918 vore femtan ulike riksstyre i Latvia. Politikarane sat ikkje lengje rolege i sætet sitt. Solein har det ogso vore i Latvia etter uppattnyingi av sjølvstendet i 1991. No sist gav statsminister Einars Repse upp og gjekk av, og det var tiande riksstyret. Men det er ein avgjerande skilnad frå millomkrigstidi og til i dag. Alle riksstyre frå 1991 har gjenge ut frå ei einerådande blokk med sterkt marknadshuga og nasjonalistiske parti med større eller mindre agg mot det store russiske mindretalet i landet. Difor har marknaden blømt, korrupsjonen har trivest i stengde rom, og mange politiske spursmål har vorte liggjande urørde avdi motkreftene har vore for veike til å drive fram løysingar. Dei av det russiske mindretalet som har hatt statsborgarskap har jamnast røysta med eit stort vinstreparti som på grunn av russarane aldri har sloppe til i statsstyringi. Den 5. februar vart endeleg ny undervisningslov vedteke av nasjonalforsamlingi mot røystene åt vinstrepartiet medan 6000 russisktalande elevar tok til motmæle i gatone. Lovi krev 60 prosent latvisk mål i dei vidaregåande minoritetsskulane og 40 prosent kan vera på minoritetsmålet, dvs. russisk. Dette høyrest ikkje gale ut dersom det vert løyvt pengar til å setja lovi skikkeleg ut i livet. Einars Repse hadde sett stillingi si inn på å få fleirtal. Dagen skulde ha styrkt statsministeren, men i staden valde han litevetta seinare å gå av. Innan den einerådande blokki har personleg motvilje vore vel so øydeleggjande for politikarane som gjenomføringi av viktuge saker har vore styrkjande. Einars Repse er ikkje noko undantak. Han har ikkje kunna dra i hop med eit anna stort høgreparti avdi dei tvo partileidarane ikkje likar kvarandre. So sa han frå seg visestatsministeren sin som gjekk inn for granskjing av rimelege banklån som Repse hadde fenge for å slå til seg seks billege landbrukseigedomar og eit husvære i hovudstaden Riga. Og so Repse då som hadde lova klåre linor og nådelaus strid mot korrupsjonen, og med visestatsministeren fauk eit parti ut or fleirtalsriksstyret og gav det hjartestyngen. Det er tilhøvet til det russiske mindretalet som gjev grunnlaget for den einerådande blokki frå midten og mot høgre i latvisk politikk. Same kor urettvist russarane kom til Latvia i sovjettidi lyt motsetnadene i dag yverkomast skal det verta armslag åt helsugare partidaning. Samstundes vilde Moskva få mindre høve til å leggje seg upp i heimlege latviske saker. Her ein dagen rymde fem tingmenner frå vinstre inn til eit parti i midten for, som dei sa, endeleg å få vera med å av-gjera noko for sine eigne. Fire av dei var etniske russarar. Men det kan godt vera at dei tok med seg nissen på lasset, at det partiet som no hyser dei inne i den store blokki kjem til å misse stød. Det lydest at president Vaira Vike-Freiberga freistar med Indulis Emsis til ny statsminister. Ein ledug og godlidande politikar frå eit lite parti i midten skal freiste å smjuge seg fram innan den store blokki so lengje det varar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn