Rektor ved Møre folkehøgskule, Odd Steinvåg, fortel at kinesiske elevar ved skulen er svindla i stor stil av ei norsk kvinne som på eige initiativ rekrutterer kinesiske elevar til skulen. Kvinna, som er norsk statsborgar, har dei siste åra kome til skulen på vegner av søkarar Kina, som ho hevdar er slektningar, naboar eller vener av familien, og som har lyst til å gå på skule i Norge. I fjor formidla ho kontakt for fire kinesiske vener, som i ettertid har vist seg å ikkje ha noko som helst tilknyting til kvinna eller familien hennar i det heile. Likevel er kvinna oppført som næraste slektning i på søknaden.