Kven sorterar kven?
Bioteknologilovgjevinga regulerer bruk av ultralyd i svangerskapet. Dermed er vi nok ein gong midt i debatten om «sorteringssamfunnet». Når kunnskapen om fosteret aukar, minkar tiltrua til kvinner si evne til å gjere rette vurderingar. Abortmotstandarane hevdar på nytt at kvinner kan kome til å sortere bort foster på grunn av feil kjønn og mindre avvik. Nok ein gong blir kvinner si evne til å ta ansvar trekt i tvil. Helseminister Dagfinn Høybråten snakkar om sorteringssamfunn, som om det er kvinnene som sorterar. Men det er samfunnet, som Dagfinn Høybråten er eit maktmenneske i, som sorterar når dei ikkje legg tilhøva betre til rette for dei som får barn med store hjelpebehov. Historiane om foreldre som må slåss for å få den hjelpa dei har krav på, er mange. Sølvi Marie Risan ved Rokkansenteret i Bergen (Bergens Tidende 01.12.03) forskar på selektive abortar etter 12. svangerskapsveke. Ho seier dei fleste ho har intervjua vurderte å bere fram sitt funksjonshemma barn. Men dei stolte ikkje på at samfunnet kunne garantere barnet eit verdig liv. Alle har ikkje dei same ressursane, og dei som vel å ta abort skal respekterast for dei val dei tar. Det er verken Dagfinn Høybråten eller abortnemndene som må leva vidare med dei vala som blir gjort. Det er det den gravide som gjer, og ho har krav på støtte og respekt, anten ho tar abort eller ikkje. Professor Sturla Eik-Nes ved Regionsjukehuset i Trondheim seier at erfaring viser at norske kvinner ikkje er opptekne av å abortera foster med funksjonshemming. Dette underbygger han med å visa til at sjølv om alle kvinner over 38 år får tilbod om fostervatnsprøve, er det berre 40 prosent som tar mot dette tilbodet. Kvinnefronten er overtydd om at kvinna sjølve er i stand til å ta dette valet, same kva opplysningar ho har om fosteret. Om det er eit ønske å få aborttala ned, er det eit betre tiltak å sørgje for at kvinner kjenner seg trygge på at sjølv det å bere fram eit funksjonshemma barn vil gje både dei sjølve og barnet eit godt liv.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn