I Klassekampen-debatten om økonomisk teori, retorikk og politisk gjennomslagskraft har to av deltakarane, Rune Skarstein og Anders Skonhoft, meir eller mindre i forbifarten nemnd eksperimentell økonomi. I røynda kan eksperimentell økonomi fyrst og fremst oppsummerast som produksjon av ein ny type data. Og over tid – jamvel alt no – er dette i ferd med å endre økonomifaget på ein meir grunnleggjande måte enn det Skarstein og Skonhoft kanskje gjev inntrykk av. Spesielt ser vi konturane av eit gjennomgripande «empirisk skift» innanfor økonomifaget. Heilt fram til 1990-talet kunne økonomistudentar lese i lærebøkene sine at økonomi er ein ikkje-eksperimentell vitskap. Den utbreidde tenkinga var at ein i beste fall kunne teste einskilde modellar eller teoriar empirisk mot ikkje-eksperimentelle data. Like fullt: Allereie tidleg på 1960-talet byrja forskarar, spesielt frå Vest-Tyskland og USA, å publisere artiklar baserte på eksperimentelle resultat og om eksperimentell metode. På 1990-talet kom dei fyrste lærebøkene i emnet, Harvard University oppretta eit eige professorat i eksperimentell økonomi, og i 2002 vart pionerane innanfor feltet heidra med Nobels minnepris i økonomi. Korleis kan økonomiske teoriar, modellar og vage gissingar testast i laboratorium? Svært enkelt fortald: Tenk deg at 10-12 studentar vert samla i eit rom. Dei får utdelt instruksjonar – spelereglar – som forklarer opplegget. Sett at halvparten får tildelt rolla som kjøparar, dei andre skal agere seljarar. Dinest handlar dei med kvarandre; reelt og med «ordentlege» pengar. Fyrst har til dømes berre kjøparane lov til å foreslå prisar. Dinest kan dei institusjonelle reglane endrast, for eksempel slik at berre seljarane kan foreslå prisar. Eksperimentleiaren kan observere alle bod, prisar, og i tillegg jamføre desse med forskjellige teoretiske prediksjonar vedrørande bodgjeving, pris og handelsomfang. Før eller etter eksperimentet kan ein også innhente utfyllande informasjon om deltakarane ved hjelp av ulike spørjeskjema/testar: Kjønn, IQ, fagleg bakgrunn, ja, jamvel talfeste ulike psykologiske kjenneteikn ved aktørane. Dette gjev forskaren høve til å kontrollere for faktorar som teorien kanskje ikkje seier noko eksplisitt om.