Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eurolandas stagnasjonspakt

  • I januar var det fem år sidan tretten av EU-landa gjekk over til den felles valutaen euro under akkompagnement frå eurokratane sine lovnader om ein ny kapitalistisk gullalder. Men ingen av lovnadene er blitt innfridde. I følgje statistikk frå OECD hadde eurosonen i åra 1999-2003 lågare gjennomsnittleg vekst i bruttonasjonalproduktet (BNP) enn både resten av EU-landa og OECD-landa samla, 1,9 prosent pr. år i eurosonen mot 2,3 prosent i OECD. Dessutan har veksten i BNP blitt lågare for kvart år i dei viktigaste eurolanda. I Tyskland sank han frå 3,1 prosent i 2000 til null i 2003, i Frankrike frå 4,2 prosent i 2000 til 0,1 prosent i 2003. Dei to største eurolanda står ved stupet til deflasjon. Også når det gjeld arbeidsløysa, har eurosonen kome dårlegare ut enn både resten av EU og OECD-landa. Gjennomsnittleg arbeidsløyse i 1999-2003 var 8,6 prosent i eurosonen, mot 7,9 prosent i heile EU og 6,6 prosent i OECD (3,7 prosent i Norge). I 2003 var det 12,5 millionar arbeidslause i eurosonen, og over heile perioden 1999-2003 i gjennomsnitt 12 millionar. Den høge arbeidsløysa har samanheng med den låge veksten i samla realinvesteringar i eurosonen på 1,5 prosent pr. år i 1999-2003, mot 1,8 prosent i heile EU og 1,9 prosent pr. år i OECD-landa. Då er det heller ikkje overraskande at eurosonen kjem dårlegast ut når det gjeld vekst i arbeidsproduktiviteten i privat sektor med 0,7 prosent pr. år, mot 1,0 prosent i EU og 1,8 prosent i OECD (2,0 prosent i Norge). Derimot når det gjeld prisstiging, har eurosonen skåra «best», med ein gjennomsnittleg årleg auke i prisindeksen for det private konsumet på 1,9 prosent, mot vel 2 prosent i heile EU og 2,5 prosent i OECD-landa. Låg prisstiging skal i følgje liberalistisk økonomisk teori gi høg økonomisk vekst. Men det omvendte har skjedd. Land i eurosonen med høg prisstiging har hatt relativ høg vekst i BNP, medan dei med låg prisstiging har hatt den lågaste veksten. Til dømes Irland hadde ein BNP-vekst på 7,2 prosent pr. år og ein vekst i konsumprisane på 4,1 prosent pr. år i 1999-2003. På andre enden var Tyskland med ein årleg vekst i både BNP og konsumprisane på berre 1,2 prosent. Hovedpilarane i «stabilitets- og vekstpakta», som EU vedtok i 1997, er at det offentlege budsjettunderskotet ikkje må overskride 3 prosent av BNP, medan samla offentleg gjeld ikkje må bli større enn 60 prosent av BNP. Med innføringa av euro og lik nominell rente i alle eurolanda fekk desse «kriteria» alvorlege konsekvensar. I land med sterk vekst i BNP er det relativt høg lønnsvekst som fører til relativt høg prisstiging (jfr. Irland). Dermed får desse landa relativt låg realrente (dvs. nominell rente korrigert for prisstiging) som gir ein ytterlegare stimulans til realinvesteringane, den økonomiske veksten og sysselsettinga. Det gjer også at utgiftene til arbeidsløysetrygd går ned og at skatteinntektene veks, slik at desse landa ikkje har noko problem med grensa for offentlege budsjettunderskot på 3 prosent av BNP.Derimot i land med relativt låg økonomisk vekst blir også prisveksten låg (jfr. Tyskland). Resultatet er ei høg realrente som fører til endå lågare investeringar, lågare produktivitetsvekst, lågare BNP-vekst, meir arbeidsløyse og lågare skatteinntekter. Regelen om 3 prosent forverrar denne situasjonen. Medan pengepolitikken er overførd til Den europeiske sentralbanken, blir regjeringane hindra av 3-prosentregelen når det gjeld å føre ein effektiv kontrasyklisk finanspolitikk. 3-prosentregelen inneber rett og slett at regjeringane i land med stagnasjon blir tvinga til å føre medkonjunkturpolitikk! Nei, nei, ropar dei liberalistiske økonomane: EU er jo ein fellesmarknad, og då skal det i følgje læreboka vere felles prisnivå og felles prisstiging! Men sjølv om valutaen er felles, er det stor skilnad i lønns- og prisstiging mellom eurolanda. I alle åra i perioden 2000-2003 var skilnaden mellom høgste og lågaste konsumprisvekst i eurosonen større enn 3 prosent, og han ser ikkje ut til å minke. Ein treng ikkje vere økonom for å sjå at eurolanda korkje har ein felles arbeidsmarknad eller felles varemarknader i den forstand at skilnadene i lønns- og prisvekst forsvinn.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen