Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Flatbrød med glasur

  • Alle veit at det er berre tull å snakka om glasur på flatbrød. Kanskje burde overskrifta heller vore «Lefse med klining»? I så fall kan vi risikera at lesarar som ikkje er kjende med norsk lefsetradisjon kan sporast av og få feil assosiasjonar til ordet «klining». Lesaren får vurdera om blandinga av til dømes smør, sukker og fløyte som blir smurt på lefsene for å gjera dei ekstra velsmakande, ville vore eit betre eksempel når ein leitar etter eit godt pedagogisk eksempel for å illustrera eitt av mange moment i pensjonsdebatten. Spørsmålet er om såkalla tenestepensjonar er redninga for dei framtidige pensjonistane som ikkje har opparbeidd rett til stortingspensjon eller har andre gyldne fallskjermar i sikte. Alle som ikkje har knust fjernsynsapparatet og/eller boikotta alle former for nyhendemeldingar gjennom aviser og/eller radio den siste månaden, har fått med seg meir eller mindre av planane om drastiske kutt i framtidige pensjonsordningar. Planane er utarbeidde av Pensjonskommisjonen under leiing av den trauste og truverdige hedmarkingen Sigbjørn Johnsen. Kanskje har han rett, den kommentatoren som peikte på at Johnsen sin «Prøysendialekt» gjorde sitt til å dempa angsten for kva kommisjonen eigentleg har sysla med dei tre siste åra? Men realitetane let seg ikkje bortforklara. Framlegget til «modernisert folketrygd» vil føra til at alle med årsinntekter opp til 340.000 kroner vil få dårlegare alderspensjon enn med dagens ordning.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen