Engasjerte voldsmenn?
Det er ikkje vanskeleg å vere samd med Bjørgulv Braanen i at alle må ha rett til å «engasjere seg i kunst». Og sjølvsagt må dette, slik Braanen skriv i Klassekampen 2. februar, også gjelde «en israelsk ambassadør og en sønderknust mor». Braanen skriv òg at han har «en viss forståelse for fyrens aggresjon». «Fyren» er altså – for å gjere dette heilt klårt – den høgaste israelske sendemannen i Stockholm – og ikkje ein av drapsmennene i Baneheia. Desse to sakene har diverre blitt blanda i hop. Ada Sofie Austegard, mor til Stine Sofie som vart drepen i Baneheia, har ikkje gjort anna enn nytte den soleklåre retten sin til å gå ut mot bruken av eit bilete av dottera hennar i Kate Pendry sitt verk «Tales from a wicked child». Pendry fjerna biletet. Fordi Austegard – på sitt vis – tok kunsten alvorleg. Og fordi Pendry tok Austegard sine grenser på alvor. I motsetnad til Austegard var ikkje den israelske sendemannen nøgd med å gje uttrykk for synet og kjenslene sine. Han heiv ein lyskastar ut i den blodraude vasspegelen der «sjølvmordsbombaren Sleeping Beauty» sigla stille omkring. Verket hadde eit tydeleg «sakralt» preg. Og kanskje kan ein forstå at den israelske sendemannen vart rasande. Men så var det altså berre det at han vart meir enn rasande. Og måtte øydeleggje verket. Avsakralisere det. Profanere det. Gjere dette «heilage» til inkje.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn