Spreiing av masseøydeleggingsvåpen vart for alvor eit globalt problem først den dagen slike våpen kom i hendene på folk utafor vesten. Så lenge desse våpna var eit vestleg monopol, kunne vi kjenne oss trygge. På denne bakgrunnen er det heilt naturleg, viss vi skal tru Politiets sikkerhetstjeneste (PST), at den politiske overvakinga i «krigen mot terror» konsentrerer seg om folk som ikkje tilhøyrer Vesten.