Ses
- For nokre år sidan var eg så heldig å få kjøpt meg boka Kristiansands bymål av Arnulf Johnsen (Oslo 1942-1954). På side 119 finn vi ein liten dialog mellom fire smågutar, notert av forfattaren i 1935. Utgangspunktet er at Arne har funne ein ball på leikeplassen. Så kjem Helge springande og spør: Vem æ de ses? Birger: Æ ved vem de æ ses; d'æ di jentanes. Arne: Nei, d'æ ke di ses. Birger: Vem æ de da ses? Kåre: D'æ Harral å di ses. Det er det vesle elementet ses eg har lyst til å skrive om i dag. Det vert uttala med ein kort, «slapp» e-lyd, og er ein genitiv-markør – kjend frå mange målføre lengst sør i landet vårt. Tradisjonelt har elementet vore vanleg i alle søraustlandske målføre, frå Grenland og rundt heile Oslofjorden – og i Bohuslän seier dei Bärta ses ongar 'Bertas ungar'. Eg brukar det sjølv i mitt eige porsgrunnsmål, slik at dialogen ovanfor læt slik i det språket eg talar til dagleg:Helge: Vem ær de ses? Birger: Jæ vet vem de ær ses; d'ær di jentenes. Arne: Næi, d'æ ke demmes. Birger: Vem æ re da ses? Kåre: D'æ Harral å di ses. Eg har kalla ses for eit element, og ikkje utan grunn, for det er korkje eit ord eller eit bøyingsaffiks. Nemninga ord nyttar vi målgranskarar om språklege einingar som kan stå aleine i ei ytring, med pause føre og etter, og ses kan berre brukast i lag med andre språklege element, som i vem ses.Nemninga bøyingaffiks vil vi berre bruke om noko som heng på eit ord av ein særskild ordklasse, som -ene i jentene, og ses er mykje friare, som døma ovanfor viser. Ses er eit klitikon, som er ein mellomting mellom eit ord og eit bøyingsaffiks. Klitikon finst truleg i alle språk, og det finst ein omfattande språkvitskapleg litteratur om dei. Ses kan seiast å svare til genitiv-s i norsk skriftspråk. Denne s-en er au eit klitikon. Han liknar eit bøyingsaffiks, men er friare. For nokre år sidan noterte eg fylgjande setning frå eit fjernsynsprogram med KLM: Eg er dei som har mist lommeboka på gatas biskop. Her er s-en hengt på heile uttrykket dei som har mist lommeboka på gata, og er ikkje eit bøyingsaffiks på einskildordet gata. Det er ikkje til å kome frå at ses er på veg ut av mange målføre. Eg kjenner meg allereie litt gamaldags når eg framleis brukar dette klitikonet, men, som den tradisjonalisten eg er, kan ses kjenne seg trygg hos meg. Når ses vert borte, kjem noko anna inn i staden, nemleg sin/si/sitt/sine, og yngre søraustlendingar seier slikt som Jæ ær di såm ha' mista lommeboka på gata sin biskåp. Slike eigedomsttrykk med sin/si/sitt/sine går under namnet garpe-genitiv, og har lange tradisjonar på Vestlandet og nordafjells. Mange målgranskarar har undra seg over at garpe-genitiven kunne spreie seg så lett vestfrå eller nordfrå og til Søraustlandet, i strid med hovudtendensane i norsk målsoge, men dei har oversett at søraustlandske målføre frå før av hadde ses-genitiven, som nærmast er ein mellomting mellom s-genitiv og garpe-genitiv. Ses har nok vore døropnar for garpe-genitiven.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent