– Tre år er lenge nok
– Det kan vera eit reint helvete å bu i mottak. Vi er vitne til at foreldre lir og gret, og blir psykisk skadde av all utryggleiken. No er det for seint å senda oss ut. Vi har venta lenge nok, og dette gjer vondt. Det seier Rezan Bergin, ein av dei åtte ungdommane frå Vestlandsheimen asylmottak som i går gav sterke vitneprov om kva det er å veksa opp i asylmottak med foreldre som blir øydelagde av flukt og utryggleik. Om det ansvaret ungdommar må ta for både søsken og foreldre når utrygg venting slit for hardt på kreftene hos dei vaksne. Dei åtte ungdommane med bakgrunn frå Tyrkia, Iran, Armenia, Montenegro og Kosovo kunne fortelja om opp til fem-seks år i asylmottak i Noreg. Sterke og vonde forteljingar som det kosta mykje å framføra. På landsbasis er det ifølgje Utlendingsdirektoratet vel seksti barn som har budd meir enn tre år i mottak
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent