Kompisimperialisme
- I desember i fjor kunngjorde den amerikanske regjeringa at dei skal dele ut 26 nye kontraktar på til saman 18,6 milliardar dollar for «gjenoppbygginga» av Irak. I retningslinja for kontrakttildelingane har viseforsvarsministar Paul Wolfowitz laga ei liste over kva land selskapa som konkurrerer om hovedentreprisane kan tilhøyre – i alt 61 land utanom USA og Irak. Sjølvsagt er alle land i «koalisjonen av villige» på lista. Men Tyrkia, som avslo å delta i «koalisjonen» og dessutan nekta USA å bruke territoriet sitt som oppmarsjområde for invasjonen i Irak, er også med. Nesten det same kva Tyrkia skulle finne på, må USA ha dei på ei slik liste. For landet si geografiske plassering gjer det strategisk yttarst viktig for USA. Dei to landa har alt blitt samde om at dei i samarbeid skal byggje ut og sikre ein oljeleidning frå Kirkuk i Irak til den tyrkiske hamnebyen Yumurtalik ved Middelhavet. Sjølvsagt står Norge på lista. Bondevik har jo øvd bot og sendt elitesoldatar til Irak. Meir påfallande er det at Norge står saman med ein del land som korkje var med i «koalisjonen av villige», er strategisk viktige eller har sendt ein einaste soldat. Det gjeld til dømes Afghanistan, Marokko, Marshalløyane, Mongolia, Rwanda, Uganda og Usbekistan, fordi dei i følgje Wolfowitz har «støtta USAs politikk i regionen». Wolfowitz legg til: «Å avgrense konkurransen om hovedentreprisar vil oppmuntre til utviding av det internasjonale samarbeidet i Irak og i framtidige innsatsar (efforts).» President Bush si utsegn om at «dei som ikkje er med oss, er mot oss» er snudd til «dei som ikkje er mot oss, er med oss». Blant landa som manglar på lista, er Frankrike, Tyskland, Russland, Kina og Canada dei mest prominente. Wolfowitz skriv at å utelukke selskap frå desse landa «er nødvendig for å verne om USAs grunnleggjande tryggingsinteresser». Dette kan synest overdrive, men det har ein solid kjerne av imperialistisk logikk. Irak har dei nest største oljereservane i verda, etter Saudi-Arabia. USA sitt prosjekt i Irak er ikkje berre å skape ein liberalistisk kapitalistisk økonomi. Skal oljeforsyningane bli sikra på lengre sikt, må Irak bli ein avhengig økonomi, avhengig av USA. Slik avhengighet kan best skapast med eit stort utanlandsk eigarskap i irakisk næringsliv. Helst bør det vere amerikansk. Men dersom det ikkje er amerikansk, må det i det minste vere selskap frå land som ikkje stikk kjeppar i hjula for USA. I så måte er altså Marokko, Mongolia og Rwanda meir til å lite på enn Frankrike, Tyskland og Canada. USA handlar her på grunnlag av historisk røynsle i Midtausten. Den demokratisk valde iranske statsministeren Mossadegh hadde tidleg i 1950-åra som strategi å utvikle ein kapitalistisk økonomi kontrollert av eit nasjonalt borgarskap. Som ledd i dette programmet nasjonaliserte han oljesektoren med full støtte frå parlamentet. Dermed fekk han Storbritannia og USA på nakken. I 1953 vart han styrta i eit militærkupp som var planlagt og støtta av USA. Sjahen vart reinstallert i makta i eit USA-vennleg diktatur. Tilfellet Iran viste til fulle at kapitalisme ikkje er nok i ein strategisk viktig oljeøkonomi. Det må vere ein avhengig kapitalisme, styrt av hegemonimakta blant anna gjennom utanlandske selskap frå pålitelege statar. Land som Afghanistan, Mongolia eller Usbekistan har sjølvsagt ikkje eit einaste selskap som kan konkurrere om oppdrag i «gjenoppbygginga» av Irak. Det er heller ikkje meininga. Det viktige er at regima er kompisar av den amerikanske imperialismen. Andre kompisar, nemleg amerikanske foretak som energiselskapet Halliburton med dotterselskapet Kellog Brown & Root (KBR), entreprenørselskapet Bechtel, og konsulentfirmaet RTI International, vil ta seg av størstedelen av oppdraga. Det er nok best slik, for desse selskapa har kordiale kontaktar med Det kvite hus og Pentagon. Halliburton har alt fått oppdrag for totalt over tre milliardar dollar knytte til «Operation Iraqi Freedom». Utan nokon tilbodskonkurranse fekk KBR i mars 2003 ei kontrakt på 1,4 milliardar dollar for gjenoppbygging av oljesektoren. Dessutan har KBR fått ei kontrakt for «militære støttetenester» rundt i verda, med ein irakisk komponent på førebels 1,4 milliardar dollar. Denne kontrakten er årleg fornybar fram til år 2011. Bechtel har vunne ei kontrakt på over 1 milliard dollar for byggje opp att infrastrukturen utanom oljesektoren. Kontakten mellom Halliburton og Washington er spesielt tett. Visepresident Richard Cheney var styreformann i Halliburton frå 1995 til august 2000. Han står framleis på selskapet si lønningsliste, ved at han får utbetalt lønn som vart «utsett» i 1999. I 2001 og 2002 fekk han utbetalt i alt 367.690 dollar (vel 2,6 millionar kroner). Desse utbetalingane skal halde fram til og med år 2005. EU har protestert på den amerikanske forretningspraksisen i Irak og vist til WTO sine reglar om offentlege innkjøp. USA kunne forsvare framgangsmåten sin med fleire unntaksklausular i WTO-avtalen. Det gjeld til dømes «innkjøp som er naudsynte for nasjonal tryggleik eller for nasjonale forsvarsformål» og såkalla «bunden bistand». Men desse klausulane tillet ikkje diskriminering mellom utanlandske selskap på grunnlag av deira nasjonalitet. Truleg derfor har Washington valt ein annan prosedyre: USA betaler og bestemmer, men seier at det er styringsrådet i Bagdad skal dele ut oppdraga. Irak er ikkje medlem av WTO.Rune Skarstein er førsteamanuensis i sosialøkonomiØkonomene Rune Skarstein, Camilla Bakken Øvald, Ragnhild S. B. Astad og Peder Martin Lysestøl skriver hver torsdag i Klassekampen. Radikalt økonominettverk finner du på www.okonominettverket.no
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn