Sodenäset
Den kué som rødar mæst ho mjølkar minst læt eit ordtak, på eit målføre eg skal drøfte i dag. Men fyrst ei lita innleiing, før eg fortel kva målføre det er. Eg skriv ofte i målteigen om utanlandsferder – det er kje til å kome frå at eg tykkjer det er morosamt å leggje ut om språkgranskingsferder til andre kontinent. Men som andre folk fer eg ikkje berre til land langt borte. Fyrste gongen eg var i utlandet var i 1959, då far min og eg tok ferja til Strömstad og sykla heim att. Framleis går turen ender og då til denne vesle byen og andre stader i det vakre Bohuslän. Og eg vil gjerne gjere deg, gode lesar, merksam på at i Strömstad finst det ikkje berre daglegvareforretningar og systembolag. Det finst au ein liten bokhandel, som mellom mykje anna har nokre hyllemeter med litteratur om lokale tilhøve. Her fann eg i fjor vår den vesle boka Dialekt i Sotenäs (Sotenäs 2000), «utarbetad av Sotenäs Dialektgrupp». Sotenäs er ein kommune i Bohuslän, midt mellom riksgrensa og Göteborg. Boka inneheld mykje spennande stoff. Ho tek til med ei ordliste på 100 sider, og så kjem over 50 sider med målprøver, mellom anna nokre ordtak, som det eg byrja med i dag. Bak i boka ligg ein CD der ein kan høyre korleis dialekten læt. Lat meg fortelje at i boka skriv dei Den kué som rödar mäst ho mjölkar minst, men eg nytta æ og ø i staden for ä og ö, for ikkje straks å vise at målføret høyrer heime utanfor Noregs grenser. Men jamfører vi Sotenäs-ordtaket med svensk skriftspråk, Den kon som råmar mest hon mjölkar minst, og norsk skriftspråk, Den kua som rautar mest ho mjølkar minst, er det ikkje vanskeleg å sjå likskap med begge. Når eg høyrer nokon seie Dôm dommaste bönnane får de störste potättene eller Dä ä bare domme fôlk ô hästane pô Åby sûm arbér, er det ikkje så langt unna mitt eige vikværske Di dommaste bønnane får di største potetene eller De æ bare domme fålk å hestane på Åby såm arber.Eit norsk drag ved Sotenäs-målet og annan bohuslänsk er hokjønnsordet ku, som på både svensk og dansk heiter ko. Likeins har bohuslänsk hokjønnsordet bru, mot svensk og dansk bro, og verba bu og tru, mot svensk og dansk bo og tro. Jä trur jä får gi ôpp
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn