I samband med NHO-konferansen om pensjon onsdag denne veka kom statsminister Kjelle Magne Bondevik med følgjande fråsegn: «Alle bør få tenestepensjon i tillegg til folketrygda». Det kan høyrast forlokkande ut, særleg for dei om lag 900.000 arbeidstakarane som per i dag ikkje har annan pensjon å sjå fram til enn den som kjem frå folketrygda, og som dermed risikerer at alderspensjonen ikkje blir stort meir enn halvparten av den lønna dei hadde fram til pensjonsalderen. I same slengen sa Bondevik også at han ikkje trur det er nokon god idé å diskutera framtidas pensjonsordning i stortingsvalet 2005. Dette er ei sak han helst vil få unna i denne stortingsperioden. Det er ikkje sikkert han får andre politikarar med på ei slike hastebehandling, men det er likevel grunn til å spørja kvifor han har det så travelt. Pensjonskommisjonen har vore i arbeid i nesten to år når dei legg fram innstillinga si førstkommande tysdag, og det er eit komplisert og omfattande arbeid som er gjort. To gonger har avsluttinga av dette arbeidet blitt utsett – spørsmåla er store og vanskelege, og det har tatt tid å komma fram til eit resultat. Målsettinga var å få eit samrøystes resultat, om det lykkast, veit vi enno ikkje. Kanskje er det enno fleire spørsmål som burde vore stilt og drøfta enn dei Pensjonskommisjonen vil presentera. Eitt av dei uløyste spørsmåla så langt, er tenestepensjon. For offentleg tilsette er tenestepensjonen ei ordning som sikrar at pensjonen ved full opptening utgjer om lag 66 prosent av sluttlønna. Ein del tilsette i privat sektor har liknande ordningar, men det store fleirtalet har berre folketrygda.
Magnhild Folkvord (tekst) og Linda Bournane Engelberth (foto)
Når Kjell Bjørndalen, leiar i Fellesforbundet, seier at pensjon no er eit veldig viktig spørsmål, har han i tankane både Pensjonskommisjonen som skal leggja fram innstillinga si førstkommande tysdag, og lønnsoppgjeret denne våren.