Med nytt bygg vil det ukrainske kultur- og utdaningssenteret på Manhattan verta det viktugaste i sitt slag i Sambandsstatane.
- For ei tid sidan melde pressa i Ukraina at det ukrainske kultur- og utdaningssenteret i New York skulde flytja inn i eit nytt og meire tidhøveleg bygg på Manhattan. Senteret hadde elles vore i drift sidan 1976. Dette og liknande tiltak speglar sjølvsagt den ukrainske innvandringi til Sambandsstatane. Ein reknar med at det finst på lag trekvart million menneskje av ukrainsk ætt der. Då er ein halv million ruthenarar frå hi sida av Karpat-fjelli ikkje tekne med. I Sambandsstatane under eitt er ukrainarane berre den tjugefyrste største folkegruppa, men dei fleste slo seg ned i dei millomste statane på aust-kysten, og der er dei den niande største gruppa. Det er innvandrarar frå millomkrigstidi og etter andre heimskrigen som har gjort mest av seg i ukrainske lag og samskipnader. I det siste har ein sett ein auka tilstrøyming av unge menneskje som ynskjer ei soge å slå rot i. Kanhende vil lag og samskipnader vera liv laga ogso etter at siste innvandrarbylgja har dovna og døydd ut. Med nytt bygg vil det ukrainske kultur- og utdaningssenteret på Manhattan verta det viktugaste i sitt slag i Sambandsstatane. Ved nyopningi låg det fyre planar um tvo utstillingar som båe ventleg er gjenomførde no. Den eine skulde syne fram utanriksskriv som ligg i Sambandsstatane frå den stuttliva ukrainske nasjonale republikken, UNR, som såg dagsens ljos i 1917 etter at tsar Nikolaj 2. hadde gjeve frå seg makti, og som gjekk i uppløysing året etter i stridane kring den russiske revolusjonen. UNR streva til fånyttes etter millomfolkeleg godkjenning, men millom andre ukrainskesjølvstendefreistnader i denne urolege tidi, var det likevel UNR som fekk mest å segja for ettertidi. UNR fekk synt at det var mogeleg med eit samla Ukraina til beste for folket. President i republikken var den vyrde soge-granskaren Mykola Hrusjevskij. Til riksvåpen henta han treforken frå det gamle Kiev-riket der ein trefork hadde vore brukt til skjoldmerke. Ved uppløysingi avSovjetunionen i 1991 vart treforken på nytt riksvåpen i eit sjølvstendigt Ukraina og kunde syne leidi attende gjenom ei tusund år gamal soge med UNR til ein varde på vegen. Mykola Hrusjevskij døydde i russisk utlægd i 1934. Den andre utstillingi i kultur- og utdaningssenteret på Manhattan synteskulpturar av Oleksandr Arkipenko. Han vart fødd i Ukraina i 1887 og kom til Paris då han var 21 år gamal. I 1924 drog han vidare til Statane og vart der til han døydde i 1964. Han er den fyrste som fylgjestrengt tek på seg å arbeide kubistiske retningslinor inn i bilæthoggarkunsti og lukkast med det for si tid. Tildrivet til dette fekk han i Paris. Bronseskulpturen «Boksekamp» er sermerkt for Arkipenko og vart til i 1914 under parisartidi.