Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tettar smutthola

Føremålet med aksjonen er å hindre at norske bedrifter kjøper seg fri for utsleppsreduksjonar gjennom miljøøydeleggjande og fiktive tiltak i u-land. Kyoto-protokollen frå 1997 som begrensar industrilanda sine klimagassutslepp opnar nemleg for slike frikjøp, gjennom dei såkalla fleksible gjennomføringsmekanismane. Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) som er ein av desse mekanismane, tillèt at vestlege industriselskap kan kjøpe seg fri for reduksjonar på heimebana ved å investere i utsleppsreduserande tiltak i u-land. Håpet med ordninga er at klimatiltaka slik skal verte mest mogleg kostnadseffektive. Men miljørørsla fryktar at ordninga kan verke mot si hensikt:– Det er store moglegheiter for juks slik systemet er utforma i dag. For å unngå juks er det viktig at industrilanda pålegg seg sjølve strengare og meir konkrete reglar enn det Kyoto-protokollen legg opp til, seier Truls Gulowsen, kampanjeleiar i Greenpeace og talsperson for CDMwatch Norge.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?