Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk ansvar

  • Denne veka er det ministermøte i Milano under dei internasjonale klimaforhandlingane. Partane forsøker å redde Kyoto-protokollen frå 1997. Dersom ikkje Russland godkjenner avtalen, vil protokollen måtte skrinleggjast. Vladimir Putins rådgjevar Andrej Illarjonov uttalte nyleg at Russland ikkje aktar å ratifisere protokollen i si noverande form. Denne uttalen vart blåst opp i media og vart av mange oppfatta som den endelege spikaren i kista for Kyoto-avtalen. Men Illarjonov har heile tida vore kritisk til avtalen og fleire gonger tidlegare kome med tilsvarande utsegner. Miljøvernminister Børge Brende gjer difor klokt i å fasthalde forventinga om at Russland kjem til å ratifisere protokollen, slik Miljøverndepartementet har fått stadfesta frå offisielt russisk hald. Men dersom Brende verkeleg meiner noko med at han forventar at Kyoto-protokollen vert ratifisert, må han òg leggje tilrette for ein norsk politikk for å nå dei norske utsleppsmåla. Dei offisielle norske utsleppsframskrivingane opererer med ein auke i klimagassutsleppa på 17 prosent frå 1990 til 2010. Nestleiar i Norges Naturvernforbund Lars Haltbrekken hevdar auken kan verte på heile 27 prosent, om ein reknar inn utslepp frå dei gasskraftverka regjeringa har opna for. I fylgje Kyoto-avtalen har Noreg lov til å auke utsleppa med ein prosent. No treng rett nok ikkje Noreg å foreta heile denne reduksjonen på heimebane. Vi har lov å kjøpe oss fri for ein del av denne forpliktinga, ved å kjøpe kvoter frå land som reduserer utsleppa meir enn dei er pålagde. Men Noreg er likevel pålagd å gjere ein betydeleg del på heimebane, og vi er pålagd å kunne demonstrere tydeleg framgang allereie i 2005. Det kjem vi ikkje til å kunne klare. Putin og Bush er sjølvsagt dei to støre fiendane av ein forpliktande klimaavtale. Men klimaavtalen vert òg truga av alle dei landa som påstår at dei ynskjer ein avtale, men som lèt dei heimlege utsleppa auke ukontrollert medan dei ventar på ein endeleg protokoll. Her har diverre Noreg eit stort ansvar.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen