* I Chile vart ein populær, folkevald sosialistisk president styrta av landets eigen overklasse, med god økonomisk og militær hjelp frå USA. I Irak står størsteparten av befolkninga igjen med blanda kjensler overfor den nye okkupanten. Sjølv om dei verken ville ha krigen eller eit vestleg kolonistyre er det få grunnar til å ønskja seg tilbake til det som var før. Likevel finst det likskapar også. Det som skjedde med Chile og det som no skjer med Irak er påføring av ein nyliberal økonomi utanfrå, på den mest mogleg brutale måten. I fråveret av ein politisk opposisjon, med vanskelege kår for ytringsfridom og med mangel på alternativ informasjon ser makthavarane sitt snitt til å legga grunnlaget for eit nyliberalt diktatur i mange år framover. Chile vart nyliberalismens gjennombrot. Elevane til Milton Friedman, kjent som "the Chicago boys", fekk frie hender til å prøva ut teoriane sine. I ly av Pinochet-diktaturet omforma Chicago-gutane heile den chilenske økonomien etter sitt bilete. Dei privatiserte, slepte dei amerikanske konserna inn, kutta i alle offentlege utgifter og fjerna velferdsgode. Resultatet vart ekstreme forskjellar mellom rik og fattig, høg arbeidsløyse og utbreidd fattigdom - sjølv i latin-amerikansk målestokk. Dei møtte ingen politisk motstand, for Pinochet tok som kjent hand om opposisjonen. Framleis i dag må chilenarar flest slita med konsekvensane av den reindyrka liberalismen. Og sjølv om diktaturet er borte, har dei ikkje fått sjansen til å røysta for ein annan økonomisk politikk. Irak blir no utsett for den same nyliberale medisinen som aldri gjorde nokon friske verken i Chile eller andre stader. Okkupantane driv ikkje med gjenoppbygging, men med sal. Bit for bit skal heile landet privatiserast og seljast til dei vestlege konserna. Alle land som deltar i den militære okkupasjonsstyrken konkurrerer om dei attraktive kontraktane. (Her deltar også eit lite land som vi kjenner godt frå før. Når får vi sjå Statoil eller andre av våre heimlege konsern ta plass i Irak?) Det irakiske folket får aldri sjansen til å gi uttrykk for om dei meiner dette er fornuftig politikk eller ikkje. Ingen politiske parti får sjansen til å bygga seg sterke nok til å ta opp kampen. Ingen frie val skal haldast på lenge enno. Ingen frie media får fritt spelerom under okkupasjonsstyret til "ytringsfridommens forsvarar". Privatiseringa er til og med i strid med den irakiske grunnlova, men okkupanten tar seg neppe tid til å lesa slikt. Her skal konserna som finansierte presidentens valkamp få sitt tilbake, og det raskt. Irak hadde den mest velutdanna befolkninga i Midtausten. Kvinner hadde ei relativt sterk og sjølvstendig stilling. Men etter tre krigar, eit tiårs vanstyre under presset frå vestens sanksjonar, og med den pågåande "gjenoppbygginga" på Milton Friedmans gamle resept, blir det lenge til Irak ser slike resultat igjen. Kven skal motverka arbeidsløyse, underernæring og analfabetisme når konserna ikkje kan tena pengar på det? Kampen mot krig og nyliberalisme er to sider av same sak. I tillegg er han sterkt knytta til kampen for demokrati. Det har ei global, folkeleg grasrotrørsle oppdaga. Derfor kasta vi oss inn i motstanden når USA ville gå til krig mot Irak. Ikkje fordi nokon hadde illusjonar om diktaturet under Saddam Hussein. Men fordi vegen ut av diktaturet ikkje går via eit anna diktatur, forsterka av økonomisk diktatur, på tvers av internasjonal rett, utan respekt for menneskeverdet og eit folk si evne til å styra seg sjølv. Det kan sjå mørkt ut for framtida i Irak. Men håpet er at den nyliberale epoken som starta med militærkuppet i Chile, snart kan avsluttast av den alliansen som tar opp kampen mot krig og nyliberalisme - og for demokrati. Ingrid Fiskaa er leiar i Sosialistisk ungdom