Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krev kompensasjon

Festivalsjef for Moldejazzen, Jan Ole Otnæs, krev kompensasjon frå staten for ekstrautgifter og tapte inntekter i samband med det omstridde statsbesøket frå den israelske statsministeren Ariel Sharon i Molde i sommar. Festivalleiinga har rekna ut at festivalen fekk 203.000 kroner i meirutgifter, mellom anna i samband med at Molde flyplass vart stengd eit døgn og tilreisande måtte finne andre reisevegar. Vidare stipulerer leiinga dei tapte inntektene til 287.000. Det samla kravet på 490.000 er sendt statsministerens kontor, som har sendt saka vidare til Kulturdepartementet, melder Aftenposten.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?