Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Allianse eller illusjon?

  • I budsjettforliket med KrF fall dei taktiske interessene til Ap og KrF med sikte på valet 2005 saman. Ikkje berre fekk KrF gjort «eit godt statsbudsjett endå betre» (Lilletun) ? eit høfleg spark på Høgre sin finanspolitiske skinlegg. KrF manøvrerte seg også ut av Høgre sin famn for første gong i stortingsperioden. Til neste år er det derfor duka for eit nytt kompromiss med Ap. Det må Høgre avfinne seg med, eller bryte med KrF og slik parkere seg saman med Frp – ein særs dårleg opptakt til valåret. KrF har med andre ord signalisert at det i 2005 vil vere eit «sjølvstendig» nøkkelparti som like gjerne kan gå i koalisjon med Ap som med Høgre. På den andre sida var det kjærkomme for Ap å kunne demonstrere at også det kan ri fleire hestar i alliansestrevet. I KrF vil Ap ikkje berre finne ein trufast EØS-alliert som kan sikre grunnlaget for ein «moderat» marknadsliberalisme. Slik politikk må Ap nemleg halde fram med for å kunne fremme forslag om EU-medlemskap i neste periode. «Trugsmålet» om ein allianse med KrF gir Ap dessutan ein plattform for å kunne avvise SV og Sp sitt ultimatum om at EU-spørsmålet ikkje skal fremmast i perioden. Med eitt er det Ap som kan stille krav til SV og Sp om at dei ikkje må «øydelegge» grunnlaget for ein sentrum-venstreallianse med å stille eit slikt krav. Sentrum-venstrealliansen skal altså føre EU-politikk, sett frå Ap sin ståstad. Ein slik allianse er med andre ord ein illusjon. Den andre saka som underbygger dette, er LO sitt utspel mot SV om industripolitikk. Det er heilt rett at industripolitikk ikkje er SV si sterkaste side. Problemet er berre at heller ikkje Ap – og for den saks skuld LO – har nokon industripolitikk lenger som går ut på å nytte landet sine naturgitte føretrinn (vasskrafta!) i den globale marknadskonkurransen for å fremje industri- og samfunnsbygging i Noreg. EØS/ESA forbyr slik favorisering. Berre på eitt viktig punkt skil Ap/LO sin «industripolitikk» seg frå SV sin – nemleg ved at dei første vil ta gassen i land her primært for å produsere meir elektrisk kraft for den kraftkrevjande industrien, medan SV vil «løyse» (!) kraftkrisa med storveges ENØK. Med den nye, nordeuropeiske, liberaliserte kraftmarknaden betyr Ap/LO sin strategi at denne auken i kraftproduksjonen ikkje lenger kan øyremerkast norsk industri med politisk regulerte spesialprisar, men må seljast i den opne marknaden. Meir kraftproduksjon med gass eller vasskraft fører primært til auka krafteksport

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen