Student i rett tid
– Det var ufyseleg å vera jente fødd i 1915, seier Hanne Stang, der vi sit i den lyse, trivelege stova hennar i Husebygrenda i utkanten av hovudstaden. På veggen over sofaen heng eit stort måleri av Emil Stang, far hennar, høgsterettsadvokaten som var med da Norges Kommunistiske parti vart stifta i 1923. På bokhylla på den andre veggen står ein liten gipsbyste av bestefaren, som også heitte Emil Stang. Han var med og stifta partiet Høyre i 1884. Frå den tredje veggen kikkar oldefar Fredrik Stang ned på oss. Han var norsk statsminister i perioden 1873 til 1880. Juristar, alle tre. Dei hadde ikkje vett på anna enn å studera jus i vår familie, meiner Hanne. 88 år gammal er Hanne Stang ei av svært få kvinner i sin generasjon som vart ein aktivist i det som vart den nye kvinnerørsla på 1970-talet. Ho har gått i fleire demonstrasjonstog enn dei aller fleste av jamaldringane sine. No er ho oppgitt over at kroppen ikkje lenger er så samarbeidsvillig som ho gjerne ville den skulle vera. Men tilbake til fortida: Kva var så gale med å vera fødd i 1915?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn