I går vart Krystallnatta igjen markert over heile Europa. Vi gjekk i fakkeltog for å minnast natta den 9. november for 65 år sidan då Nazi-Tyskland for alvor starta forsøket på å utrydda jødane. Vi demonstrerte fordi det gjer det enklare å hugsa historia vår; ei historie som heller ikkje nordmenn kan vera stolte av. Vi gjekk i fakkeltog og høyrte på appellar for å hugsa at rasismen er ein del av vår nære historie. Men først og fremst demonstrerte vi for å visa at vi bryr oss om samtida vår. Nazistiske og høgreekstreme grupper har blomstra opp igjen den siste tida. Nazistiske ytringar på plakatar og klistremerke har blitt vanlege i enkelte område. Vigrid-leiar Tore Tvedt erklærer krig mot jødar og utlendingar, og seier at gruppa hans driv med våpentrening. Det er lett å ta avstand frå nazistar, og det er viktig å motarbeida propagandaen deira. Sjølv om nazistane er få, er dei farlege nok når dei utøver vald mot enkeltpersonar. Men det største trugsmålet kjem likevel ikkje frå høgreekstreme sekter. Den farlegaste rasismen held til i regjeringskvartalet og i stortingskorridorane. Ein viktig forskjell er sjølvsagt at «tolerante» politikarar i maktposisjon ikkje ser på seg sjølv som rasistar. Høgrepolitikarar frå fleire parti kan rista på hovudet når Per Sandberg frå Frp føreslår elektronisk overvaking av alle asylsøkarar. Så ventar dei og ser om ikkje ekstreme forslag blir realistisk politikk om nokre år. Dei lar Frp setta dagsorden og «gløymer» å argumentera imot på prinsipielt grunnlag. Bak larmen til Carl I. Hagens disiplar kan Erna Solberg driva ein umenneskeleg flyktningpolitikk, bygga opp murar og kontrollsystem for å verna oss mot straumen av menneske «som bare vil ha eit betre liv» og «som gjer samfunnet vårt ustabilt» (Solberg til Aftenposten 4. november). På fredag var Erna Solberg gjest hos Fredrik Skavlan, for ein hyggeleg prat under kveldsunderhaldninga. Tre dagar tidlegare var ho ute og kravde modernisering av islam. Innvandrarane må sjå på seg sjølv som ein minoritet, og handla deretter, ifølgje statsråden. Ministeren frå ei regjering som står i spissen for å oppretta så mange ekstreme og gammaldagse kristne skular som mogleg vil altså retta heilt motsette krav til muslimar. Skavlan er sjølvsagt for veloppdragen og høfleg til å ta debatten. Det burde ikkje overraska at rasisme er stovereint. Det burde ikkje overraska at ei nyliberal regjering er tiltrukke av tankegods som rettferdiggjer krigar, utvikling av autoritære kontrollsamfunn og fjerning av demokratiske rettar. Rasismen passar perfekt. Fiendebiletet og umenneskeleggjeringa må på plass når ein skal styrka vestleg dominans i verda. Vi skal sørga over amerikanske soldatar som mistar livet i Irak, men ikkje over dei mange gonger så mange irakiske ofra. Vi skal godta overvaking og kontroll framfor demokratiske rettar, for dei sistnemnte kan jo misbrukast av fiendane våre. Terrorlover som innskrenkar ytringsfridom og organisasjonsfridom har på kort tid blitt innført i heile den vestlege verda. Krystallnatta er ikkje bare ein minnedag for den uttalte rasismen. Det er også ein dag for å avsløra den noko meir skjulte rasismen. Millionane av jødar som vart drepne av nazistane under andre verdskrig har seinare fått følgje av millionar av andre ikkje-menneske. Tolv års blokade av Irak tok livet av minst 500.000 barn. Dåverande utanriksminister i USA meinte det var verdt prisen. Norske styresmakter støtta folkemordet, men snakka ikkje om det. Den nære historia og samtida vår er full av døme på at menneske må bøta med livet eller blir fråtatt grunnleggande menneskerettar, og at det blir godtatt fordi dei har ein annan hudfarge eller etnisitet. Det må vera slutt på den høflege tonen overfor dei som forsvarer ei slik verdsordning. Ingrid Fiskaa er leiar i Sosialistisk Ungdom