Joni Mitchell er 60
I dag er det 60 år sidan Roberta Joan Anderson vart fødd, kan hende vel så kjent under namnet Joni Mitchell. Ho er fødd i Saskatchewan i Canada og leid av polio som barn. Legane trudde ho aldri ville kunne gå att, men Joni vart pigg og byrja å spele gitar. Ho spelte folkemusikk heime i skuletida og seinare i Toronto og Detroit, der ho etter kvart slo gjennom. I 1965 gifta ho seg med songaren Chuck Mitchell – som ho skilde seg frå seinare. Mitchell skreiv platekontrakt og byrja å skrive songar for andre. I 1968 hadde Judy Collins ein hit med Mitchell-songen «Both Sides Now». Same året debuterte Mitchell som soloartist. Ho etablerte seg raskt som soloartist og kom med nye plater dei påfølgjande åra; i 1969, «Clouds», og i 1970, «Ladies of the Canyon». Ho utvikla folkemusikkstilen og flørta med jazz, pop-rock og fusion. Ho er framleis aktiv, og ga ut «Travelogue» som førebels siste plate.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn