Økonomane og arbeidsløysa
- «Det er mi oppfatning at ei temmeleg omfattande sosialisering av investeringane vil vise seg å vere det einaste midlet som kan sikre ei tilnærming til full sysselsetting?» (John Maynard Keynes, 1936)Før Keynes var den rådande økonomiske teorien at stor arbeidsløyse skuldast for høg realløn (det vil seie: løna si kjøpekraft målt i konsumvarer). Ei høg realløn – over «likevektsnivået» ? ville innebere at tilbodet på arbeidskraft vart større enn etterspørselen, og denne differansen utgjorde arbeidsløysa. Som regel vart det dessutan hevda at stor arbeidsløyse skuldast arbeidarane sjølve, fordi dei organiserte seg i fagforbund og kjempa igjennom for høge lønskrav. På denne bakgrunn konkluderte økonomane med at arbeidsløysa var «frivillig», og at einaste vegen til høg sysselsetting var reduksjon av reallønsnivået. Dette synet var rådande til Keynes fekk gjennomslag for sin teori i 1930-åra. Han sto fast på at det var absurd å karakterisere massearbeidsløysa på den tid som «frivillig». Eit viktig utgangspunkt i teorien hans er at arbeidarane gjennom sine fagforbund ikkje forhandlar om realløna, men om pengeløna. Det er altså pengeløna, og ikkje realløna, som blir bestemt i arbeidsmarknaden. Ved den gitte pengeløna vil så bedriftene maksimere sin profitt slik at pengeløna dividert med arbeidet sin grenseproduktivitet blir lik produktprisen. Prisnivået – og dermed realløna – blir bestemt i eit samspel mellom penge- og varemarknaden. Følgjeleg er pengeløna på den eine sida og realløna og sysselsettinga på den andre sida resultat av prosessar i heilt skilde marknader. Men kor vidt sysselsettinga som følgjer av bedriftene si profittmaksimering tilsvarer full sysselsetting, er avhengig av den effektive etterspørselen, først og fremst for investeringsvarer, men også konsumvarer. Etterspørselen etter konsumvarer blir bestemt av inntektsnivået, inkludert lønsinntektene, og inntektsfordelinga. Etterspørselen etter investeringsvarer, som Keynes viser er den kritiske komponenten i den effektive etterspørselen, er først og fremst avhengig av konjunkturtendensane, av rentenivået og av endringar i prisnivået (fallande prisnivå – deflasjon – medfører sterk nedgang i etterspørselen etter investeringsvarer). I Keynes sin teori er arbeidsløysa høgst ufrivillig. Ho skuldast ikkje arbeidarane sine lønskrav, men heller ikkje den einskilde kapitalisten si profittjakt. Det er heller tale om ein systemdefekt: Fordi investeringar er for framtidig produksjon og profitt, er det alltid knytt uvisse til det økonomiske resultatet av dei. I ein anarkistisk kapitalistisk økonomi, der investeringane blir gjennomførde av eit stort tal aktørar, vil auka uvisse kunne føre til ein kjedereaksjon av fallande investeringar og stigande arbeidsløyse. Keynes argumenterte for at stor arbeidsløyse kunne hindrast gjennom ein aktiv statleg penge- og finanspolitikk. Dessutan meinte han at tilnærma full sysselsetting på lang sikt kunne sikrast berre ved at staten tok meir direkte ansvar for investeringane. Med nyliberalismen sitt inntog rundt 1980 vart slike tankar mildt sagt umoderne. Herskande økonomisk teori begynte då å raffinere teoriar frå tida før Keynes. Igjen vart det fagleg politisk korrekt å forklare arbeidsløysa ut frå forhold i arbeidsmarknaden. Ein viktig pådrivar i denne reaksjonen mot Keynes var Milton Friedman. Han og hans disiplar hevda at det finst ei «naturleg arbeidsløyse» ? seinare kalla NAIRU («non-accelerating inflation rate of unemployment») ? som tilsvarer konstant prisstiging. Dersom arbeidsløysa blir lågare enn NAIRU, blir det akselererande inflasjon. Blir ho høgre enn NAIRU, vil prisane falle. Med modellane sine viste dessutan desse økonomane at det ville vere fåfengt å senke arbeidsløysa under den «naturlege» gjennom statleg penge- og finanspolitikk. På kort sikt kunne ein slik politikk ha litt verknad, men på lengre sikt ville NAIRU innstille seg igjen, gjennom tilpassingar av løner og prisar. NAIRU blir ikkje presentert som ein naturkonstant. Spesielt høg arbeidsløysetrygd (følgjeleg høg «reservasjonsløn» som i følgje teorien minkar folks strev med å søkje arbeid), minstelønslover og sterke fagforbund fører etter desse økonomane sitt syn til ein høg NAIRU. Men studiar som prøver å talfeste NAIRU viser ein påfallande mangel på presisjon. Ein studie frå 1997, basert på data for perioden 1962-1995, estimerte NAIRU i USA til 6,2 prosent (med 95 prosent konfidensintervall frå 5,1 til 7,7 prosent!). For året 1994 fann den same studien ein NAIRU mellom 5,5 og 5,9 prosent. Då skulle vel NAIRU i land med ei mykje sterkare fagrørsle, større stillingstryggleik og høgre arbeidsløysetrygd – serleg dei skandinaviske landa – vere eit tosifra tal! Det er også verdt å merke seg at den registrerte arbeidsløysa i USA i dei sju åra frå 1995 til 2001 i følgje OECD var på gjennomsnittleg 4,8 prosent – altså godt under alle NAIRU-estimat – medan den gjennomsnittlege årlege auken i konsumprisane var på 2,6 prosent og slett ikkje viste teikn til å «akselerere». Økonomane har sjølve demonstrert at NAIRU ikkje eksisterer som empirisk realitet. Men det hindrar dei ikkje i å bruke denne konstruksjonen til å legitimere krav om mindre makt til fagorganisasjonane, lågare arbeidsløysetrygd og meir «fleksibel» arbeidsmarknad. NAIRU sin klassekarakter er ikkje til å ta feil av.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn