Kong Keita

Mali har alltid vore eit musikalsk kraftverk. Det vestafrikanske landet som ligg i hjartet av det gamle Mande-riket, har ein av dei eldste og mest fengslande musikktradisjonane i Afrika. I Mali finst der kanskje ikkje så mange platestudio, ei heller pengar til utstyr, men likevel har landet dei siste tiåra avla fram nokre av dei største superstjernene i moderne afrikansk musikk, som kora-spelar Mory Kante, dei kvinnelege songmeistrane Oumou Sangaré og Kandia Kouyaté, superbe danseorkester som Les Ambassadeurs og The Rail Band, og den store ørkenbluesgitaristen Ali Farka Touré. Men kanskje størst av dei alle, er han som gjestar Oslo world music festival i dag, Salif Keita.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen